Stordalsamlinga i langrenn med 10 årsjubileum!

Stordalssamlinga 2016 - Klikk for stort bildeStordalssamlinga 2016 Øyvind Tafjord

Det skjer mykje flott i Stordalshallen kvart år og noko av det flottaste, må ein i høgste grad seie at denne store samlinga til langrennsgruppa er. Deltakarane, som er i alderen 11 til 16 år, kjem frå heile fylket og det er ikkje uvanleg at dei tel både 70 og 80. Ja, faktisk har ein hatt deltakarar også utanfor fylkesgrensene. Det som er ekstra stas denne gongen, er det naturlegvis at samlinga vert arrangert for 10. året på rad og som vanleg er det første helga i haustferien det skjer.  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 30.08.2017

Stordalshelga i langrenn 2015 - Klikk for stort bildeStordalshelga i langrenn 2015 Hallgeir Hove Stordalshelga i langrenn 2015 - Klikk for stort bildeStordalshelga i langrenn 2015 Hallgeir Hove Stordalshelga i langrenn 2014 - Klikk for stort bildeStordalshelga i langrenn 2014 Hallgeir Hove Stordalssamlinga i langrenn, okt 11 - Fellesmåltid i grendasalen - Klikk for stort bildeStordalssamlinga i langrenn, okt 11 - Fellesmåltid i grendasalen Hallgeir Hove

Stordalshelga i langrenn har vi skrive mykje om tidlegare, så vi skal ikkje gjenta alt dette her, men i staden vise til våre tidlegare reportasjar. I dei vil ein også finne lenker til ei rad flotte bildegalleri, til filmopptak frå samlingane, reportasjar i media og omtalar på andre nettsider, som t.d. Møre og Romsdal Skikrets si side. Vi har også laga eit eige galleri der vi har samla alle gruppebilda frå samtlige samlingar til no. Vi gler oss til å sette det 10. bildet på plass i det galleriet, etter at årets samling er unnagjort.

Det er Stordalshallen som dannar base for samlinga, men mykje skjer naturlegvis også i området rundt og kjenner vi arrangørane rett, vert samlinga også denne gongen avslutta med tur til idylliske Mosætra på søndagen. Men nokon vanleg søndagstur vert det ikkje, der det heile startar på rulleski, for så at ein skiftar til løpssko og tek fatt på motbakkane oppover til sætra og då sjølvsagt med tidtaking. Men ikkje minst det sosiale blir det lagt stor vekt på ei slik helg - innimellom alle treningsøktene og dei kjekke aktivitetane - og då er det ingen betre stad å vere, enn i Stordal og nærare bestemt i Stordalshallen.

Det er ei stor glede for såvel Stordalshallen, som for heile Stordal kommune å få lov til å ta imot alle dei spreke langrennsløparane frå fjern og nær og ser fram til den 10. utgåva av Stordalssamlinga i langrenn!

Som kjent er dette også eit stort jubileumsår også for Stordalshallen, og i den samanhengen blir det iallefall garantert "jubileumsbuff" til samtlige som er med på Stordalssamlinga, uansett alder!

Sjå innbydinga frå langrennsgruppa i Stordal IL (PDF, 359 kB)

Sjå meir om samlinga også på Møre og Romsdal Skikrets si side

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove