Fotograf: Stordalscup
Folkefest! fotograf Stordalscup
Fotograf: Hallgeir Hove
I Stordalshallen er det messe, loppemarked, kulturelle innslag, kafe og eit yrande liv fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Besøk av Aafk-spelarar og andre storheiter er vanleg. Her er det Pål som intervjuvar Jonathan Parr fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Lezajsk frå Polen(!) var med i 2010 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Bruskassestabling (bildet), bueskyting, paintball, skuddlaser, minigolf, presisjonsskudd osv osv fotograf Hallgeir Hove

Stordalscup 2012 - 29. juni t.o.m 1. juli

Stordalscup vart første gong arrangert i 1980 og slik sett er dette ei av dei eldste fotballturneringane her omkring. Til sommaren er det sjølvsagt klart for ny folkefest, når Stordalscup går av stabelen, siste helga i juni.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 08.03.2012

Frå starten av var Stordalscup ei turnering for vaksne, men i nyare tid har dette utvikla seg til eit arrangement for alt og alle. Også for dei som ikkje har interesse for fotball, vil cup-helga by på mykje kjekt å få med seg, sjølv om dette altså er ei av dei største turneringane for aldersbestemte lag.

Fleire hundre funksjonærar syter for å legge forholda til rette og det er ikkje til å legge skjul på at dette er eit arrangement alle berre MÅ ha med seg. Det er elles også kjekt å peike på at det i tillegg til lag frå vår eigen krets, også kjem langvegsfarande lag heilt frå Oslo for å delta. Ja, endåtil heilt frå Polen faktisk! Nærare 100 lag deltek totalt! (Les meir i reportasjane våre!)

Vi har altså tidlegare skrive mykje om Stordalscup og alt ein får oppleve der. Difor vil vi no i denne omgong vise til ei rad reportasjar, som du finn lenker til nedanfor. Etterkvart vil vi kome attende med mange fleire detaljar om årets arrangement. Men no kan du iallefall planlegge ferien din!

I denne førehandsreportasjen frå i fjor, har vi samla saman lenker til ei rad tidlegare reportasjar. Ta deg difor ein kikk innom HER 


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove