Fotograf: Hallgeir Hove
Eit yrande liv tre dagar til ende. Lurt å studere programmet nøye, skal ein få med seg mest mulig! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
I Stordalshallen kan ein gjere god kjøp hjå dei mange som har stand. Det er kulturelle innslag, aktivitetar, loppemarknad og kafe fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Lillestrøm FK, eitt av mange langvegsfarande lag som har funne ut at Stordalscup er topp! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Også på utescena kan du få med deg mange flotte opplevingar fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Mange kjekke og spanande oppgjer ute på kunstgrasbanene fotograf Hallgeir Hove

Stordalscup 2014 går av stabelen 27. - 29. juni!

I desse dagar går invitasjonen ut til aldersbestemte lag, både på Sunnmøre og resten av landet. Alt no er det altså verd å merke seg at Stordalscup vert arrangert siste helga i juni og skal ein vere sikker på å kome med blant dei om lag 100 laga som deltek kvart år, bør ein no altså vere om seg.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 04.04.2014

Stordalscup har ein historikk som er imponerande. Denne vart nemleg første gong arrangert i 1980, noko som tilseier at arrangørane har rundt 35 års erfaring det!

Sjølv om det i starten var ei turnering for seniorlag, fann ein fort ut at det nettopp var aldersbestemte lag ein ynskte å invitere med. Etterkvart som facilitetane vart stadig betre, både med tanke på opninga av Stordalshallen i 1997 og etterkvart også det nye flotte stadionanlegget, har dette utvikla seg til å bli ein einaste stor folkefest, tre heile dagar til ende.

Dei om lag 7 000 personane som vitjar Kirkebø Stadion og Stordalshallen i løpet av cup-helga må verkeleg sette seg nøye inn i programmet for å makte å rekke over mest mulig. Det skjer nemleg noko heile tida, anten det no er på grusbana (der det m.a. er tivoli, bueskyting og konkurransar), på utsecena, på loppemarknaden i grendasalen, på scena i Stordalshallen, eller elles i området rundt stadionanlegget. På dei mange banene vert det spela kampar i eitt sett og med heile 100 lag med, er det lett å rekne seg fram til at det deltek om lag 1 000 spelarar i løpet av helga!

Uansett om du er interessert i fotball, eller ei, vil du garantert få mange flotte opplevingar i løpet av cup-helga! Utedansen på laurdagskvelden trekkjer kvart år særs mykje folk og i fjor var det 750 personar på plass, når Stordal Dansebandforening stod på scena!

Berre det å kunne nyte den nydeleg grillmaten, som arrangørane byr på, er grunn god nok til å legge turen innom stadionområdet!

Etter det vi kjenner til, vil det kome fleire nye aktivitetstilbod på plass, i tillegg til alt det som har vore så kjekt å vere med på tidlegare. Fyl difor med på oppdateringane framover!

Om du har lyst til å sette deg ytterlegare inn i alt du kan oppleve under denne folkefesten, kan det sikkert vere smart å ta eit tilbakeblikk på reportasjar frå tidlegare år.

Les meir om Stordalscup også på heimesida til arrangørane!

Stordalscup har sjølvsagt også eige side på facebook!

Sjå eigen pdf med invitasjonen til Stordalscup 2014, nedst på sida!

Du må ikkje vere i det minste tvil om at du skal ha med deg denne folkefesten! 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove