Fotograf: Bjørnar Midtbust
Yrande liv og trangt om parkeringsplassen, når Stordalscup går av stabelen! fotograf Bjørnar Midtbust
Fotograf: Hallgeir Hove
I Stordalshallen er det kafe, kulturinnslag, loppemarked, stands og mykje, mykje meir fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
På utescena ved stadion er det også mykje som skjer. Her frå Barnas cup-fredag fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Nærare 100 lag og 1 000 spelarar deltek kvart år i spanande kampar på dei flotte kunstgrasbanene fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Mange testar også ut den flotte klatreveggen i Stordalshallen fotograf Hallgeir Hove

Stordalscup 2016 vert arrangert første helga i juli!

Det er for lengst bestemt at Stordalscup 2016 skal gå av stabelen første helga i juli, altså frå fredag den 1. t.o.m søndag den 3. juli. Det er vel få eller ingen som ikkje er klar over at vi då snakkar om folkefesten over alle folkefestar - og at det no faktisk nærmar seg 40 års- jubileum for dette suverene arrangementet, der nærare 300 frivillige stiller opp. No er det også opna opp for påmelding til fotballturneringa, som sjølvsagt er høgdepunktet for mange.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 27.01.2016

Vi skal ikkje her bruke mykje spalteplass på å fortelje deg kva Stordalscup står for, men ein ting er sikkert: Om du tek deg tid til å ta eit tilbakeblikk på reportasjar og bildemateriell frå desse suverene arrangementa, som faktisk har 7 000 besøkjande kvart år, ja då garanterer vi at du vil bli imponert!

Du startar med å kikke på reportasjen vår frå Stordalscup 2015 og så fyl du berre lenkene som tek deg bakover i tid. God fornøyelse!

Vi kjem sjølvsagt med meir, etterkvart som det nærmar seg. Men merk dykk for all del datoen alt no då. Hugs at det ikkje blir skikkeleg sommar, utan at du har fått med deg Stordalscup!

Vent heller ikkje for lenge med påmeldinga!


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove