Stordalscup 2017 - Fredag 16. juni t.o.m søndag 18. juni!

Stordalscup - foto frå Fjelladalen - Klikk for stort bildeStordalscup - foto frå Fjelladalen Bjørnar Midbust

Arrangørane av folkefesten over alle folkefestar, nemleg Stordalscup, har bestemt at den 37. utgåva (ja, du las faktisk heilt rett! Vi kan nemleg sjå tilbake på nesten 40 år med Stordalscup no) skal gå av stabelen to helgar tidlegare enn det som har vore vanleg. Bakgrunnen for dette er at også dei som har planar om å reise på ferie, også skal kunne få med seg denne folkefesten. Vi har stor tru på at dette vil slå godt an ute blant dei mange laga som har brukt å delta og kanskje er det også lag - som enno ikkje har fått oppleve Stordalscup - som no grip sjansen og blir med?     

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 06.02.2017

Stordalscup 2012 - Jennykonsert - Klikk for stort bildeStordalscup 2012 - Jennykonsert Hallgeir Hove Stordalscup 2014 - frå lufta - Klikk for stort bildeStordalscup 2014 - frå lufta Frode Færøy Stordalscup 2016 - Klikk for stort bildeStordalscup 2016 Hallgeir Hove Stordalscup 2015 - Klikk for stort bildeStordalscup 2015 Hallgeir Hove

Med ei fartstid på snart 40 år, er det slik at dei fleste rett og slett ikkje har opplevd anna enn at det har vore arrangert Stordalscup ved Kirkebø Stadion i Stordal. Når Stordalshallen stod ferdig for nøyaktig 20 år sidan, vart arrangementet utvida vesentleg, der ein også kunne by på veldig mykje spanande også innomhus.

Stordalscup er ein einaste stor folkefest frå fredag ettermiddag og heilt til søndag kveld og når vi ser på tidlegare reportasjar, bildegalleri og filmsnuttar, er det liten tvil om at dette er imponerande greier. På det meste har det vore med 100 lag og 1 000 spelarar og i løpet av ei slik helg, reknar ein med at det er nærare 7 000 besøkjande! Det vert også hevda at kvar fjerde stordaling stiller opp som funksjonær, i samband med folkefesten, noko som ganske sikkert er rett. For kuriositeten si skuld kan vi samanlikne dette med andre stadar/arrangement og då tilsvarar dette t.d. at ein i Ålesund kommune mønstra nesten 12 000 frivillige det. Dei har imponerande 400 frivillige m.a. i samband med Tall Ship Races, som også er eit større og lengre arrangement, men uansett er det er like fullt eit godt stykke att til 12 000 då!

Noko som også er eit poeng å få med, er at dette er ein fest også for dei som ikkje fins interessert i fotball i det heile. I løpet av ei slik helg, skjer det nemleg så mykje at du ikkje har "nubbesjans" til å få med deg alt!

Ta eit tilbakeblikk då vel! (fyldig dekning av dei siste 10 åra og tusenvis av bilder!)

I fjor var det som vanleg flott reportasje i Sunnmørsposten og rosande omtale frå Sunnmøre Fotballkrets!

Her er ein av mange fine som NRK har laga! ("Åttedobla folketal i Stordal!")  (2015)

Stordalscup på facebook

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove