Stordalscup 2013
Ingen over, ingen ved sida!
Fotograf: Hallgeir Hove
Holmlia, Stordalscup 2012 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
SK Lillestrøm, Stordalscup 2012 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Lezajsk, Stordalscup 2012 fotograf Hallgeir Hove
John Arne Riise
John Arne Riise, Liverpool FC, Stordalscup 2002

Stordalscup for 33. gong!

Invitasjonane til Stordalscup 2013 er alt sendt ut. Arrangørane, med over 30 års fartstid, er klare til å stelle i stand ny folkefest her i Stordal frå fredag 28. til og med søndag 30. juni.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 08.05.2013

Med arrangementet frå i fjor friskt i minne, bør det vere særs gode grunnar til at du ikkje vil vere på plass ved Kirkebø stadion/Stordalshallen, desse siste dagane i juni.

Stordalscup er eit arrangement som er så innarbeidd at alle til ei kvar tid veit kva som skal gjerast, der målet naturlegvis er at dei tusenvis som gjestar oss denne helga skal ha det best mulig. No bur det rett nok ikkje meir enn i overkant av 1 000 innbyggjarar i Stordal, men kva gjer vel det, når so å seie alle stiller opp!

For å seie litt om dimensjonane her, kan ein litt forenkla seie at det faktisk er over 1 000 fotballspelarar i aksjon i løpet av helga, fordelt på over 100 lag!

I tillegg til dei mange flotte fotballkampane, skjer det så mykje anna i løpet av cuphelga at det knapt nok er mulig å få med seg alt. Vi oppmodar difor alle til å studere programmet nøye. 

På nettsida til Stordalscup, finn du meir informasjon og ikkje minst finn du meir om korleis du melder deg på. Hugs også på at det er mykje meir enn fotball desse dagane og om du t.d. ynskjer å ha stand i samband med arrangementet, er det truleg også lurt å vere tidleg ute.

Eit tilbakeblikk både på folkefesten i fjor og på tidlegare års arrangement bør du unne deg!

I førehandsreportasjen frå 2011, finn du lenker til reportasjar heilt attende til 2007

Du vil sjølvsagt finne hundrevis av bilder frå arrangementa og!

Dei flest har også fått med seg at det brukar å skje mykje kjekt også i dagane før Stordalscup, som ein del av det vi har kalla Barnas Supersommar. Vi kjem attende med program også for dette. For dei langvegsfarande bør ein difor absolutt vurdere å forlenge opphaldet!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove