Fotograf: Hallgeir Hove
100 lag og 1000 spelarar er normalen, når Stordalscup går av stabelen, siste helga i jui kvart år fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Bjørnar Midtbust
Nytt sidan sist arrangement, er at Stordalshallen har fått ytterlegare to nye garderober på plass og ytterlegare seks toalett! Legg også merke til at også sjølve messeområdet utandørs er blitt utvida. Asfaltering pågår fotograf Bjørnar Midtbust
Fotograf: Hallgeir Hove
Yrande liv også inne i Stordalshallen, med ei rad aktivitetar og tilbod. Stordalscup er så uendeleg mykje meir enn fotball! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Stordalscup startar alt på fredag ettermiddag og då m.a. med mange flotte innslag frå utescena fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Mange må rett og slett ha med seg Stordalscup, på grunn av den fantastiske grillmaten som vert servert! fotograf Hallgeir Hove

Stordalscup med 35 års jubileum!!

Sjølvsagt skal det vere Stordalscup også denne sommaren og som vanleg er det siste helga i juni det skal skje. I år er det endåtil jubileum for denne fotballturneringa som med åra altså har utvikla seg til å bli den reine folkefesten tre heile dagar til ende!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 11.05.2015

I denne reportasjen skal vi ikkje bruke mykje spalteplass på å greie ut om kva Stordalscup er for noko. Dette har vi skrive det aller meste om frå tidlegare og dermed viser vi til lenkene lengre nede i denne reportasjen. Ein ting kan vi uansett love dykk; om de ikkje har opplevd å delta på denne folkefesten, ja då må de verkeleg vere om dykk denne gongen! 

Det er fotballgruppa i Stordal IL som er arrangør og legg gjerne merke til at det i løpet av ei slik cup-helg er nærare 300 friviljuge med! Det vil i praksis seie heile den vakse delen av befolkninga det, når vi veit at det også finst småbarn og eldre i denne kommunen. (sjølv om det rett nok er veldig mange også av dei eldste i blant oss, som stiller opp, også den helga!)

Det har ikkje blitt få reportasjar om Stordalscup dei siste åra og tusenvis av bilder har det også blitt. Vi vil på det sterkaste oppmode om at de tek eit tilbakeblikk på ein del av dette.

Stordalscup er folkefesten over alle folkefestar og det er nok ikkje utan grunn at både laga som deltek og dei omlag 7 000 tilreisande, berre MÅ ha med seg dette år etter år.

For særs mange, ja faktisk omlag 1 000 barn og unge, skal mykje også gå føre seg utpå kunstgraset. Dei siste åra har talet på deltakande lag nemleg vore på nærare 100! Om ditt lag enno ikkje er påmeldt, bør du no passe på å få ordna dette, slik de er sikre på å få kome med. Det er nemleg slik at det for enkelte av klassene kan bli "fullteikna" lenge før fristen går ut. 

For å sjå kva lag som alt er klare, og for å melde seg på, viser vi arrangørane si nettside og facebookside. Sjølv om det framleis er over ein månad att til påmeldingsfristen går ut, er det mange lag som alt har sikra seg plass. Sjå også eigen invitasjon, som pdf nedst på sida her.

DET ER BERRE Å GLE SEG TIL NY FOLKEFEST VED KIRKEBØ STADION OG I STORDALSHALLEN FRÅ FREDAG DEN 26. T.O.M SØNDAG DEN 28. JUNI!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove