Stordalshallen 20 år!

Stordalshallen 20 år - I 2012 fyllte Storfjordgruppa Stordalshallen, med musikalsuksessen We Will Rock You! - Klikk for stort bildeStordalshallen 20 år - I 2012 fyllte Storfjordgruppa Stordalshallen, med musikalsuksessen We Will Rock You! Hallgeir Hove

Når vi i dag skriv 25. januar 2017 er dette ein stor dag for oss. På denne dag - for 20 år sidan - vart det helde ein fantastisk opningsfest for Stordalshallen. For mange er det nok vanskeleg å forstå at det alt har gått 20 år sidan då og mange vil sikkert også meine at det ikkje er lenge sidan vi markerte dei første 10 åra.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 26.01.2017

Stordalshallen 20 år - Folksamt i Stordalshallen også når det er Stordalscup. Her frå konsert med Jenny i 2012 - Klikk for stort bildeStordalshallen 20 år - Folksamt i Stordalshallen også når det er Stordalscup. Her frå konsert med Jenny i 2012 Hallgeir Hove Stordalshallen 20 år - treningssamlingar, øvingshelgar o.l. er veldig populært. Her langrennsgruppa si 9. utgåve av Stordalshelga i langrenn - Klikk for stort bildeStordalshallen 20 år - treningssamlingar, øvingshelgar o.l. er veldig populært. Her langrennsgruppa si 9. utgåve av Stordalshelga i langrenn Hallgeir Hove Stordalshallen 20 år - NRK har vore på besøk mange gongar. Her er det innspeling av ungdomsprogrammet RESER i 2002 - Klikk for stort bildeStordalshallen 20 år - NRK har vore på besøk mange gongar. Her er det innspeling av ungdomsprogrammet RESER i 2002 Hallgeir Hove Stordalshallen 20 år - Instrukjsonsopplegga i klatring, skyting og trampoline har hatt veldig mykje å seie for populariteten - Klikk for stort bildeStordalshallen 20 år - Instrukjsonsopplegga i klatring, skyting og trampoline har hatt veldig mykje å seie for populariteten Hallgeir Hove

I samband med 10 årsjubileet skreiv vi nokre ord, som eigentleg sa mykje om det som var status den gongen. Når vi no kan sjå attende på 10 nye år, er det all grunn til å hevde at vi har lukkast med å føre vidare det aller meste av alt dette positive og i tillegg også fått til endå meir. Når ein skriv "VI" så er det rimeleg opplagt. Stordalshallen både er, har vore - og vil voneleg alltid vere - alle Stordalingar sin eigendom. Dette sytte ein for å manifestere frå dag ein, m.a. slik:   

Heilt sidan Stordalshallen vart offisielt opna den 25. januar 1997, har følgjande driftsfilosofi vore lagt til grunn:

Stordalshallen - skapt av innbyggjarane sine eigne hender - vil også bli ivareteken av dei.

Stordalshallen - ein møtestad der stordalingar møtast, idretts- og kulturlivet blomstrar og formar generasjonar i framtida.

Stordalshallen og drifta av den - skal byggje på gjensidig tillit mellom driftsstyret og brukaran

Det er grunn til å tru at det er mange som vil vere samd i at VI har lukkast i stor grad med dette.



Går vi attende til midten av 90-talet, då dei første planane om idrettshall vart lanserte, var det naturleg nok knytt ein del skepsis til om Stordal kommune ville makte det økonomiske løftet eit slik prosjekt ville innebere. I tillegg til kostnadane sjølve realiseringa ville medføre, var ein forståeleg nok også bekymra for framtidige driftskostnadar. Når vi kvart år sidan opninga - og framleis den dag - kan vise til rekneskapstall i balanse og det trass i at alle lag og organisasjonar heimehøyrande i Stordal kommune nyttar Stordalshallen gratis til treningar, øvingar og møteverksemd, kan ein med rette hevde at VI har vi lukkast. Det høyrer då også med å nemne at Stordalshallen har investert betydeleg i form av inventar og utstyr desse åra.

Det er fleire årsaker til at ein har lukkast. Ei viktig årsak er at ein har klart å føre vidare den eineståande dugnadsånda. Det er ikkje få timar som er lagt ned i arbeidet med å halde bygget ved like, det er heller ikkje få timar instruktørane i klatreveggen, på skytebana og på trampolina har lagt ned i samband med besøk utanfrå. Den enorme innsasten grendene legg ned i samband med Årsfestane høyrer sjølvsagt absolutt med i dette biletet og ikkje minst også dei mange timane lagt ned i høve dei øvrige arrangementa i Stordalshallen.

Det som etterkvart likevel er blitt den viktigaste årsaka til at ein balanserer økonomisk - etterkvart som utgiftene har auka år for år - er det populære profileringskonseptet ein har utvikla. Dette utgjer no åleine rundt kr 500.000 i årlege inntekter - når vi no kan skilte med å ha med ganske nøyaktig 100 samarbeidspartnarar. Dette utgjer dermed nærare halvparten av inntektene som må til for å gå i balanse, kvart år.

Alle samarbeidspartnarane
I 2000 var det omlag 10 reklameskilt på veggen i Stordalshallen og fleire av dei verksemdene som var med frå første dag (altså sidan1997), var også heilt avgjerande for at Stordalshallen i det heile kunne realiserast.
I 2007 - altså det året vi feira 10 år - var talet kome opp i heile 72 verksemder! I 2017 ligg vi på 100 samarbeidspartnarar!  Til liks med for 10 år sidan, er noko av forklaringa bak dette det vi kan kalle ein god sirkel. Det høge aktivitetsnivået og alt det andre positive som skjer ved Stordalshallen - og ikkje minst det at vi brukar mykje tid og krefter på å synleggjere mest mulig av dette - bidreg til at det er attraktivt å vere med som samarbeidspartnar. Dette bidreg så i neste omgong til at vi både kan sette inn endå sterkare innsats for å utvikle profileringskonseptet vårt og sjølvsagt satse på vidareutvikling av Stordalshallen også elles. Dermed vert det endå meir attraktivt både å besøkje oss og å vere med som vår samarbeidspartnar og det er slett ikkje uvanleg med tilbakemeldingar som dei vi presenterer nedanfor er:  

"Vi setter stor pris på å ha en samarbeidspartner som driver så aktivt med markedsføring av både sitt eget område og sponsorer. Jeg tror jeg kan si at det ikke finnes like i vårt dekningsområde."

"Takk for fremragende markedsføring, ja dette er helt unikt det du får til her. Sponsorene kommer i særklasse og får svært mye igjen for å være med."

«Synes du og dokke «der inne» gjør en stor og viktig innsats for bygda, ja en kan strekke det til å omfavne hele distriktet! Er naturligvis med videre!»

«Dette ser meget bra ut.  Jeg registrerer at det står AS etter vårt firmanavn og det kan godt sløyfes så blir det litt mindre tekst å forholde seg til. Ellers så må jeg si at det er morsomt å se at dere er så aktive på FB, og flinke til å markedsføre dere og deres samarbeidspartnere. Jeg finner det veldig positivt at Boen Sport kan være med som bidragsyter. Du må bare sitere mitt utsagn eller bruke meg som referanseperson når det gjelder innsalg av deres hall. Det er sjelden jeg opplever så aktive og flinke personer som dere så det er bare hyggelig å yte litt tilbake til dere om det kan vere til nytte for dere i noen sammenheng."   Christian Kvarnes, Salgs- og Markedsansvarlig ved Boen Sport.

 

Fornøgde gjestar

Ja, gjestane er også godt fornøgde, noko denne tilbakemeldinga kan stå som døme på:

"Takk for god mottakelse, og hyggelig opphold. Artig å se de flotte omgivelsene, og en av de flotteste hallene jeg har sett! Dette bør være treningsarena for landslagene fremover"

Typisk for mange av dei, er at dei kjem att år etter år. T.d. var Spjelkavik videregående skole på besøk kvart år over ein 10 årsperiode. No er det Ålesund videregående skole som har teke over. Vi har ikkje minst også blitt førstevalet for det meste av korps på Sunnmøre og dei kjem gjerne heilt frå Fosnavåg og Ulsteinvik, for å gjennomføre sine øvingshelgar. Dei mest langvegsfarande gjestane, er nok Grenaderkorpset frå Trondheim og ikkje minst det året det var internasjonalt MC-treff her. Då kom dei mest langvegsfarande gjestane faktisk heilt frå sør i Spania!

Så kan vi også sitere Andrine Flemmen (m.a. sølv i Alpin - VM i 1999) som var med som instruktør på ei av mange flotte kretssamlingar i Stordalshallen: "Dokker har jo alt!"

 

Mange celebre gjestar opp gjennom åra

Utan at vi her skal sette i gong ei oppramsing av alle celebritetane som har gjesta oss, er det litt artig å trekkje fram eit døme frå den gongen Stian Barsnes Simonsen (NRK) var her i fleire dagar i samband med TV-produksjon av ungdomsprogrammet "RESER". På veg inn i Stordalshallen, møtte han Jan Werner i døra! "Er du her?" var kommentaren kjapt frå programleiaren. Jan Werner er berre ein, av veldig mange stjerner, Stordal Hornmusikklag har klart å få med på sine flotte konsertar. Men at dei skulle møte kjentfolk, eller "siviliserte", så langt utanfor for allfarveg, vart rart for dei. Elles hugsar vi sjølvsagt at Kjersti Grini i lag med Tertnes sine gode handballjenter var på plass heilt i starten, vi har hatt DDE, på besøk. Dance With A Stranger, Ole Ivars, Vassendgutane osv osv. 


Dei mange arrangementa

Ovanfor peika vi på kor viktig dei mange arrangementa i Stordalshallen er, også i høve til dette med interessa for å vere med som samarbeidspartnar. Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps sine mange flotte konsertar og basarar, er gode døme på dette. Dei umåteleg flotte juleavslutningane til Stordal skule er også viktig å trekkje fram, det same også dei imponerande Årsfestane for Stordalshallen og dei flotte lokalmønstringane av UKM. Langrennsgruppa står bak den tradisjonsrike Stordalshelga i langrenn. Denne samlar utøvarar frå heile fylket og vel så det og til hausten blir den arrangert for 10. året på rad! Stordalshallen sjølv står også for enkelte arrangement, og i tillegg er det ei rad større og mindre konsertar og idrettsarrangement, samt andre kulturarrangement heile året rundt. Fotballgruppa har i alle år vist omverda korleis arrangement i innandørsfotball skal avviklast og den tradisjonsrike Grendacupen er det også kjekt å trekkje fram. Dei mange interkommunale ungdomstreffa og StordalsTRØKK, likeeins. Vi gløymer heller ikkje at det suverene pensjonistlaget vårt to gongar har stått bak fylkespensjonisttreff med om lag 500 gjestar! Særs dyktige ungdomar har også bidratt med mykje, ikkje minst er det på sin plass å trekkje fram eventyret We Will Rock You. Betre enn det kan det ikkje gjerast!  Stordalshallen var også sentral då Stordal Alpin stod som arrangør av NM. Det desidert største og viktigaste enkeltarrangementet kvart år er nok likevel fotballgruppa sin Stordalscup. Då Stordalshallen stod ferdig for 20 år sidan, hadde Stordalscup blitt arrangert om lag like mange år tidlegare. Det er liten tvil om at også Stordalscup fekk eit kraftig oppsving, når ein kunne kombinere alt det fantastiske som skjedde på og rundt stadion, med alle dei muligheitene Stordalshallen kunne by på. Dei siste åra har ein reknar at det er nærare 7 000 gjestar innom, berre i løpet av denne eine helga.

Årsfestane

Det er liten tvil i at det er eit enormt løft for ei grend, å stå som arrangør av Årsfesten og det er ikkje til å legge skjul på at det har vore stilt spørsmål til om det ikkje snart er på tide å sette eit punktum for desse. Men så er det då også slik at det er knytt så uendeleg mykje flott og positivt til desse arrangementa og dette er nok årsaka bak at vi har klart å vidareføre denne tradisjonen. Ein tradisjon vi veit det er mange som misunner oss. Ikkje berre er det suverent å få delta på desse festane, men i tillegg kan dei vere med på å sveise saman folket i grenda. Ja, rett og slett kan det vere dette som gjer at ein vert betre kjend med dei ein knapt nok ser elles. Ikkje minst er det med på å sveise heile lokalsamfunnet vårt saman, ved at det er kvar sin gong å lage til fest for heile kommunen. Den 25. februar er det Vinjehjellane sin tur og det er ikkje til å legge skjul på at vi gler oss. Då vert det endåtil 20 årsfest!

Synleggjeringa

Det er ikkje til å legge skjul på at det var ei ekstremt viktig "nyvinning" at vi fekk på plass eiga heimeside i 2006 og det har ikkje blitt få reportasjar lagt ut på denne sidan då. Alle desse reportasjane kan ein sjå om ein vel å besøkje vårt nyhendearkiv. I tillegg er det nok blitt knipsa nokre tusen bilder og både i reportasjane og i eigne galleri, vil ein finne desse. Når vi i tillegg fekk muligheit til å nytte facebook for å nå ut med det glade bodskap, vart dette om mogleg endå betre. For alle som har eit nært forhold til Stordalshallen, då inkludert våre 100 samarbeidspartnarar, er dette sjølvsagt veldig kjekt. Ikkje minst for alle dei som bur eit stykke unna og besøkjer oss berre i samband med høgtidene, veit vi også at dette er stas. Så gleder det oss naturlegvis at både NRK, lokalaviser og andre nettstadar og facebooksider rett som det er deler både reportasjar og bilder frå Stordalshallen.

Tilbygget

I samband med realiseringa av Stordalshallen vart det m.a. lagt ned utrulege 30.000 dugnadstimar. Det tilsvarar om lag 30 timar pr innbyggjar det! Når ein for fire år sidan vurderte om ein skulle våge seg på å kunne rekne med ein liknande dugnadsinnsats så mange år seinare, var det naturleg nok knytta ein god porsjon spenning til dette. Det skulle vise seg at dugnadsånda var der framleis den og på imponerande vis kom også det flotte tilbygget på plass og då offisielt opna den 21. februar 2015! Meir om dette i eigen reportasje.

Kva har så Stordalshallen betydd

Ein skal vere forsiktig med å uttale seg for bastant her, men truleg har ein mange med seg når ein hevdar at det er vanskeleg å tenkje seg dette lokalsamfunnet utan Stordalshallen. Korleis klarte vi oss eigentleg før vi fekk storstova vår på plass og kva om vi brått stod utan? Det dei fleste ganske så sikkert vil vere samd i, er at vi har mykje å vere stolte av også når det gjeld idrett og kultur og Stordalshallen har stått ganske så sentralt i dette biletet desse 20 åra.


Det flotte tilbygget vart offisielt opna 21. februar 2015

Sjå reportasjen vi laga i 2007, då Stordalshallen feira 10 årsjubileum

Om du enno ikkje fyl Stordalshallen på facebook..

Vi vil kome attende med meir om det som bidrog til at vi klarte å få denne fantastiske storstova vår på plass, i samband med Årsfesten den 25. februar.

Men alt i dag er det på sin plass å gratulere dei mange som har eit forhold til Stordalshallen.

 

TIL LUKKE MED 20 ÅRSJUBILÉET, ALLE SAMAN!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove