Stordalshallen ei suksesshistorie!

Sjå til Stordal! - reportasje i Smp, april 2019 - Klikk for stort bildeSjå til Stordal! - reportasje i Smp, april 2019

No kunne dette godt vore vår eigen beskrivelse, men det er altså Jarle Mordal i Sunnmørsposten som slår dette fast i ein flott reportasje der temaet er den gode anleggssituasjonen i Møre og Romsdal Idrettskrets. Når tittelen på reportasjen er; "Sjå til Stordal!", er også det omtrent som vi skulle ha skrive det sjølve.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 08.04.2019

Det er leiaren i Møre og Romsdal Idrettskrets, Kåre Sæter, som trekkjer fram nettopp Stordal som døme, når han skildrar den gode anleggssituasjonen i fylket. Ein idrettskrets som forøvrig feirar sitt 100 årsjubileum dette året.

Stordal IL feira, som kjent, sitt 100 årsjubileum i fjor og Sæter peikar på alle dei flotte anlegga som er kome på plass her, takka vere m.a. dei mange eldsjelene i dette laget og det gode samarbeidet med kommunen. 

"– Sjå til Stordal! Der har dei idrettshall, friidrettsanlegg med fast dekke, kunstgrasbane, eit godt utbygd alpinanlegg, hoppbakke og langrennsstadion. For rundt 1000 innbyggarar er det heilt fantastisk, seier Sæter. Og roser dei mange eldsjelene i Stordal som har klart å få realisert alle anlegga. Det har også gjeve dyktige utøvarar i fleire idrettsgreiner, der vi kan nemne namn som Erika Holand Tøsse (alpint), Martine Lorgen Øvrebust (langrenn), Petter Løset Skodjereite (kombinert) samt Stordal IL sitt oldboyslag i fotball som markerer seg i landsomfattande turneringar."

 

Meir om suksesshistoria Stordalshallen

No var Stordalshallen trekt fram som eitt av mange flotte anlegg i Stordal og her ynskjer vi å dvele litt ekstra med denne. Vi kunne naturlegvis også gjort opplistinga kva gjeld anlegg (ikkje minst Stordal Treningssenter, symjebassenget ved Stordal skule, osv osv) og utøvarar endå lengre (ikkje minst Vebjørn Løfoll og Torstein Lianes, som vel var ranka blant dei beste i verda i si årsklasse, Tommy Lianes som har hoppa 217 meter på ski, osv osv) og så veit vi også kva alt dette har hatt å seie for breiddeaktiviteten. Vidare kunne vi skrive meir om at anlegg som t.d. Stordalshallen har hatt mykje å bety også ut over idretten. Også her kunne vi ramsa opp fleire namn, som alle nok har hatt stor glede og nytte av å stå på scena nettopp Stordalshallen. Jenny Langlo og Maria Holand Tøsse er to av desse.

Stas er det også at Mordal har fått med den rolla Stordalshallen har spela også i eit regionalt perspektiv. Når skulekorps frå heile Sunnmøre vel nettopp Stordalshallen, anten det no er Gursken, Jøleik eller Ulsteinvik Skulekorps i sør, eller det er skulekorpsa i Ålesund, vel vi å tru at det ikkje er tilfeldig. Når langrennsløparar frå heile Møre og Romsdal kjem att, år etter år, for å delta på kretssamlingar, understrekar dette det same. Ja, faktisk har langrennsgruppa i Stordal IL invitert til slike samlingar elleve år på rad no! Skular som t.d. Spjelkavik vgs og Ålesund vgs har besøkt Stordalshallen i årevis og vi har vore arena for fleire fylkespensjonisttreff og i 2018 endåtil Fylkesfestivalen av UKM. Så ja, det er nok ingen overdrivelse når Mordal skriv at Stordalshallen har vore til enorm glede også for aktive i andre kommunar enn vår.

"STORDALSHALLEN: Denne idrettshallen har vore til enorm glede, for aktive i Stordal og idrettsutøvarar og skuleelevar frå andre kommunar. Stordalshallen har vore ei suksesshistorie frå den vart teken i bruk i 1997 og er eit godt døme på kor stor nytte eit idrettsanlegg gir."
(Jarle Mordal, Smp 3. april 2019)

Reportasjen til Jarle Mordal

Til liks med alle dei andre flotte anlegga i Stordal, er hovudårsaka til at også Stordalshallen kom på plass og vert drifta så bra, ei eineståande dugnadsånd og ei enorm vilje til at det heile skal fungere. Det er ikkje få dugnadstimar som vert lagt ned for at alpinløypene på Overøye og facilitetane der elles, skal vere mest mulig innbydande. Likeeins er det heller ikkje få timar som vert lagt ned i hoppbakkane og langrennsløypene på Stavsengfjellet. Innover fjellet syter Stordal Fjellservice for suverene løyper og på Kirkebø Stadion syter Jøran for at det er snøfritt. Slik kunne vi halde fram med å liste opp dugnadsinnsats rundt om og når vi ser på Stordalshallen hugsar vi alle at det var snakk om over 30 000 dugnadstimar då denne vart bygd (opna i 1997) og at det var ytterlegare 2.190 dugnadstimar i samband med tilbygget opna i 2015. Dugnadsånda har frå dag ein også prega drifta og vi kan gle oss over at denne lever i beste velgåande. Dette ser vi igjen i form av instruktørane i klatreveggen, på skytebana og på konkurransetrampolina. Vi ser det igjen i form av at lag og organisasjonar og einskildpersonar stiller opp på vedlikehaldsdugnad, vi ser det att i form av alle dei flotte arrangementa som lag og organisasjonar står bak og vi kan også føye til at vi både har sett - og framleis ser - det att i form av at dei som jobbar ved Stordalshallen ikkje akkurat har ein "ni til fire - jobb".

Så gler vi oss stort over den store interessa for alt det som skjer ved Stordalshallen frå veke til veke, heile året rundt og synest naturlegvis også at det er stas at stadig fleire melder tilbake om at nettopp Stordalshallen er favorittbesøksmålet!

Her er nokre lenker for den som har lyst til å få med seg meir av denne suksesshistoria:

Stordalshallen 20 år, 25. januar 2017

Eventyrleg flott jubileumsår for Stordalshallen!

Året 2018 overgjekk jubileunsåret 2017!

Sjå gjerne også denne reportasjen frå 2012, året då vi m.a. var så heldige å få lov til å fortelje litt om alt dette fantastiske som skjer her i Stordal, i NRK Møre og Romsdal sitt studio

Her finn du elles alle reportasjane vi har lagt ut, sidan januar 2006 (då vi fekk eiga heimeside på plass)

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove