Stordalshallen utvidar

Det er no like før ein kan setje i gong arbeidet med få på plass tilbygget ved Stordalshallen. Etter ein grundig prosess har ein kome fram til planløysingar, ein vonar skal fungere optimalt. Til liks med så mange tidlegare prosjekt her, vil dugnad kome til å utgjere ein betydleg del.    

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 14.05.2013
Fotograf: Hallgeir Hove
John Stavseng, saman med (f.v.) Arnold Bolstad (RIB), Svein Sæter (RIV) og Inge Breivik (RIV) fotograf Hallgeir Hove

Det har vore ein lang prosess å kome dit ein er i dag. Sjølv om Stordalshallen stod fram som eit praktfullt og særs funksjonellt bygg, då den vart opna for 16 år sidan, tok det nemleg ikkje lange tida før ein såg behovet for meir lagringsplass.

Arbeidet med å utarbeide planar om tilbygg starta difor opp, og det vart også sendt inn søknad om spelemidlar. No skulle det vise seg at det tok tid å kome i possisjon i høve til spelemidlane og samstundes auka behovet for lagerplass ytterlegare, etterkvart som Stordalshallen stadig fekk meir utstyr på plass.


I 2009 mottok ein endeleg tilsagn på spelemidlar, noko som sette ny fart på prosessen. I løpet av dei åra som hadde gått, hadde det også kome mange innspel på dette med toalettkapasiteten, der ikkje minst Stordal IL var oppteken av også å få med dette når eit tilbygg skulle på plass. Kvart år er det ei rad større arrangement i Stordalshallen og det viser seg då at toalettkapasiteten langt frå har vore tilstrekkjeleg. I samband med Stordalscup vert behovet naturleg nok ekstra godt synleg, då det er tusenvis på plass kvar dag. I tilbygget vil det bli heile seks toalett, der to av desse er tilrettelagt for personar med nedsett rørsleemne.


I tillegg til behovet for meir lagerplass og fleire toalett, såg ein også at det vart for lite med dei to opprinnelege garderobane i Stordalshallen. Behovet for meir garderobeplass vart ikkje mindre, etter rehabiliteringa av Kirkebø Stadion. Ein har også fått plass til to garderobar i tilbygget, noko som også i stor grad vil bidra til at ein unngår "konflikt" mellom Stordalshallen sitt garderobebehov og stadion sitt garderobebehov.


Med bakgrunn i toalett- og garderobehova, kom ein dermed til at det ville vere fornuftig å gå for eit større tilbygg enn det som låg i den opprinneleg planen. Dette resulterte i at ein bestemte seg for å utarbeide ny søknad om spelemidlar. som vart sendt inn i januar 2012. I og med at Stordalshallen alt hadde fått tilsegn på spelemidlar til tilbygg tidlegare (2009), fekk desse nye planane si tilsegn "på første forsøk".

Arkitekt John Stavseng hjå Arc-Ess AS har lagt ned eit grundig og godt arbeid i samband med utarbeidinga av planane for tilbygget. Det har og vore naudsynt å ha med rådgjevande ingeniørar frå m.a. Norconsult AS på ventilasjon, elektrisitet og bygg. Det var også Stavseng som var arkitekten då Stordalshallen vart bygd for vel 16 år sidan.


Tilboda på byggearbeida knytta til tilbygget er venta å kome inn i løpet av mai månad. Innstilling og val av entreprenørar føreset ein vidare skal vere på plass før sommarferien. Dermed vil sjølve arbeidet med å få tilbygget på plass kunne starte så snart som råd, etter ferien.


Tilbygget får ein samla kostnad på kr 4 millionar, der spelemidlane vil kunne utgjere (tilsagn på) kr 1,4 millionar. For at det i det heile skulle vere mulig å realisere eit slikt tilbygg, var det avgjerande at dugnad, gåver og rabattar utgjorde ein betydeleg andel. Dermed er dugnadsinnsatsen sett til om lag kr 1 millon. Dette er naturlegvis ein stor andel, men ser ein på kva vi har fått til tidlegare her, er det truleg likevel ikkje heilt urealistisk. I samband med utarbeiding av søknaden om spelemidlar fekk ein innhenta stadfesting frå ei rad lag og organisasjonar. Innad i desse organisasjonane finn ein folk med ulike kvalifikasjonar, som kvar på sitt vis vil kunne bidra til at dei mange ulike arbeidsoppgåvene vil kunne bli utførte.


Om kort tid vil det vere avklara kva som kan/skal utførast på dugnad og då vil ein kome attende med fleire detaljar i høve til korleis prosessen vert vidare.

Andelen av gåver er heller ikkje ubetydeleg. Stordal IL, åleine, har teke på seg å få innhenta kr 500.000,- i samband med realiseringa av tilbygget. Dette viser også kor viktig dei ser på dette med ein auka toalett- og garderobekapasitet. Men uansett er dette sjølvsagt imponerande.


Tilbygget vil altså innehalde langt meir lagerplass enn det som er situasjonen i dag. Dermed vil ein unngå å måtte frakte til og frå utstyr, i samband med arrangement. I tillegg til lagerplassen i første etasjen, vil også andre etasje i tilbygget romme bra med plass. Ein har alt fått inn ynskje frå enkelte lag i høve til dette med lagringsplass og etterkvart må det bli driftsstyret som utifrå ei totalvurdering avgjer korleis både eksisterande og ny lagerplass best mulig kan nyttast/fordelast. Voneleg vert det slik at alle vil bli tilfredse med den nye verkelegheita, etter at tilbygget er på plass.

Vedlagt finn ein planteikningane av tilbygget. Eit tilbygg vi alle voneleg vil ha stor glede og nytte av i åra som kjem!

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove