Fotograf: Hallgeir Hove
Liten tvil om at deltakarane, som kjem frå heile fylket vårt, likar å delta på Stordalshelga i langrenn! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Hovudinstruktør, Pål Bjørn Øvrebust, tek hand om oppvarminga og gir samstundes instruksjon i høve til korleis fråskyvet i skøyting skal utførast fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
"Utan mat og drikke, duger helten ikke.." Langrennsgruppa i Stordal IL har mange som stiller opp. Elisabeth, Torunn og Anne Berit, er tre av dei fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Rulleskirennet på søndagen vart både fartsfyllt og spanande. Her ser vi dei eldste i aksjon, med Petter E V Røkke i front og m.a. Petter L Skodjereite og Martine L Øvrebust hakk i hel fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Siri Ask Fredriksen
Denne supre gjengen hadde teke turen heilt frå Nordmøre for å delta. Kjempekjekt! fotograf Siri Ask Fredriksen

Stordalshelga i langrenn, ein garantert suksess!

Sist helg gjekk den 7. utgåva av Stordalshelga i langrenn av stabelen og langrennsgruppa kan på ny gle seg over særs positive tilbakemeldingar frå deltakarane. Heile 65 born og unge frå heile fylket vårt var innkvartert i Stordalshallen, frå fredag ettermiddag og til langt ut på søndagen.  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 07.10.2014

Samlinga fylde stort sett same suksessmalen som tidlegare år, der det heile starta med ei økt i Stordalshallen på fredagskvelden og så gjekk det slag i slag med fleire økter på rulleski, både på laurdagen og søndagen og ikkje minst med spanande rulleskirenn og terrengløp den siste dagen. Sjå resultatlista nedst på sida.

Saman med leiaren i langrennsgruppa, Erik Røkke, er det Pål Bjørn Øvrebust (også kretslagstrenar), som har hovudansvar for planlegginga og gjennomføringa av samlinga, men med seg har dei også mange dugande krefter i arrangørklubben. I tillegg til Pål Bjørn var det også denne gongen mange sterke instruktørkrefter utanfrå. Både Iver Mathias Linge Glomnes (Valldal IL), Lars Andreas Hoel og Anniken H Hole (Storfjordlangrenn) var med. I tillegg var arrangørklubben sin Noregsmeister, Martine Lorgen Øvrebust også med som instruktør, heile helga. 

I tillegg til dei mange treningsøktene ei slik helg inneheld, vert det sjølvsagt også tid til å bli betre kjend med kvarandre, på tverss av klubbgrenser. Det er veldig kjekt å registrere at interessa for å delta er så stor, år etter år, og kanskje er det nettopp denne kombinasjonen av trening og sosialt samvær, som er noko av forklaringa? Utøvarane får også skikkeleg god "forpleining" ved Stordalshallen, der dyktige foreldre i langrennsgruppa også syter for at deltakarane får i seg det dei skal av både mat og drikke. 

Blant dei 65 deltakarane denne gongen, var det også sju som kom frå Nordmøre og då nærare bestemt frå Osmarka, Flemma og Torvikbukt IL. Kjekt!

Sjå flott reportasje frå samlinga, i dagens papirutgåve av Sunnmørsposten! Der vert m.a. også Pål Bjørn Øvrebust, hjå arrangørane, intervjua. 

For fleire bilder frå den flotte samlinga, viser vi til eige bildegalleri på Stordalshallen si facebookside.

For meir om Stordalshelga i langrenn, m.a. reportasjar frå alle dei seks tidlegare samlingane, viser vi til førehandsreportasjen vår.

Sjå også meir om samlinga på Møre og Romsdal Skikrets si heimeside.


Har du lyst til å sjå film frå tidlegare samlingar, finn du det her:

2009    2010   2011   2012


Vi gratulerer Stordal IL, langrenn med nok ei flott gjennomført samling og takkar sjølvsagt også dei mange som vitja oss denne helga!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove