poseidon_fraa_oerskog_med_ole_joergen_fylling_reite_paa_vokal.jpg
Poseidon frå Ørskog speler på årets StordalsTRØKK.
pressebilde_jenny_langlo.jpg
Jenny Langlo speler på heimebane.
dj_bigs.jpg
DJ Bigs frå Ålesund er klar for å lage topp stemning!
amalie_ekroll_hove_framfoerte_mercy.jpg
Amalie Ekroll Hove er vokalist i det nystarta bandet Safehouse.
poseidon.jpg
Poseidon spelte også på StordalsTRØKK i 2013.

StordalsTRØKK for åttande gong!

Laurdag 25. oktober er det klart for nok eit StordalsTRØKK. Det store trekkplasteret i år, blir "vår eigen" Jenny Langlo, som saman med banda Safehouse og Poseidon stiller på scena i Stordalshallen. DJ Bigs frå Ålesund vil styre discoteket og lover topp stemning denne laurdagskvelden.

Publisert av Bjørg Jacobsen. Sist endret 23.10.2014

StordalsTRØKK vart første gong arrangert i 2006 og er eit konsept med ei blanding av live musikk og diskotek. Arrangøren Stordal ungdomsklubb stiller denne kvelden scena til disposisjon for unge musikarar og band, i tillegg til at eigen DJ får opp steminga mellom sceneinnslaga.

Stordal ungdomsklubb feirar 10-årsjubileum i år, og har fått på plass Jenny Langlo som det store trekkplasteret i år. Jenny Langlo har med seg gitarist Andreas Remø Fugelsnes frå Ålesund. Fugelsnes spelar i Ålesunds-bandet Cashmere Factory som har gjort det veldig bra i det siste. Vi har fått melding om at Jenny gler seg masse til å spele på heimebane igjen!

Bandet Poseidon frå Ørskog vart etablert for snart to år sidan. Dei har også tidlegare spelt på StordalsTRØKK og Bygdaråkk i Ørskog, samt ei rekkje spelejobbar elles i distriktet. I tillegg har dei vore med i UKM lokalt og UKM fylkesmønstring,  
Bandet har spelt musikk i mange sjangrar, men er no eit reint rockeband. Poseidon består av vokalist Ole Jørgen Reite, Tor Egil Sjøholt på bass, gitarist Trygve Walbø og Andreas Vidhammer på trommer.

Safehouse er eit nystarta band og vil ha sin første sceneopptreden på årets StordalsTRØKK. Kvar for seg er dei likevel godt vande med å stå på scena. Safehouse spelar coverlåtar og består av vokalist Amalie Ekroll Hove frå Stordal, samt ørskogbygdarane Tor Egil Sjøholt, Trygve Walbø og Andreas Vidhammer. 

DJ Bigs frå Ålesund er ein erfaren DJ, med erfaring som fast DJ på discotek i Ålesund dei siste fem åra. Han melder at han kjem med nye og gode hits til StordalsTRØKK og gler seg til å lage skikkeleg show i Stordalshallen denne kvelden.

Trygt heim for ein 50-lapp

Ungdom frå Stordal og Ørskog og Norddal kan nytte ordninga "Trygt heim for ein 50-lapp" denne kvelden. Bestilling direkte til transportør innan kl 19.00.
Telefon Ørskog taxi 90672180
Telefon Valldal Taxi 70257603

StordalsTRØKK er eit rusfritt arrangement for ungdom i distriktet. Aldersgrensa er frå 8. klasse og oppover. Her kan du lese meir om StordalsTRØKK i 2013. Her kan du lese førehandsreportasje frå i fjor og reportasjar frå tidlegare arrangement. Arrangøren har også oppretta eige arrangement på facebook. Sjå plakat for StordalsTRØKK i eigen pdf nedst på sida.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove