Stordalstrøkk for sjette gong!

Ungdom i heile distriktet må sette av datoen, laurdag 27. oktober. Då er det nemleg klart for den sjette utgåva av Stordalstrøkk. Stordalstrøkk stiller scena i Stordalshallen til disposisjon for lokale band og musikarar, og dermed er det berre å ta kontakt med arrangementskomiteen snarast!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 02.10.2012
Fotograf: Hallgeir Hove
The Grindstones var eitt av dei mange dyktige banda på scena i 2011 fotograf Hallgeir Hove

Det er som vanleg Stordal ungdomsklubb som står bak dette rusfrie ungdomsarrangement som altså er ei blanding av live musikk og DJ. Årets Stordalstrøkk vert det sjette i rekkja, og vi har inntrykk av at arrangementet har eit godt rennome både blant musikarar og publikum i Stordal og i nabokommunane. Arrangørane tek sikte på at også årets Stordalstrøkk skal verte kanonbra! Arrangørane oppfordrar difor også band og musikarar til å ta kontakt. Meir informasjon i brevet til band og musikarar. Sjå vedlegg nedst på sida.

Under fjorårets utgåva av Stordalstrøkk, var m.a. desse banda med:

Echophone Blonde (frå Haram)

Neighbour´s Pain (frå Sula)

The Grindstones (frå Brattvåg)

Not for sale (Robert Iversen og Torgeir Osvik, med gjestevokalist Silje K Titlestad)

Klikken (Kjetil H Tøsse, Kristian Pære Bjørdal, Martin Abelvik Walbø og Kjetil Olsen Amdam)

Les meir om dei flotte arrangementa tidlegare år og sjå mange flotte bilder!

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove