Stordalstrøkk i rute!

No er det berre fire dagar att til Stordalstrøkk 2012 går av stabelen og Stordal ungdomsklubb melder at førebuingane går etter planen. Stordalstrøkk er som kjent eit rusfritt ungdomsarrangement for ungdom frå 8. klasse og oppover. Arrangørane ynskjer ungdom frå heile distriktet, velkomen til Stordalshallen på laurdag! Eit omfattande transportopplegg, i samarbeid med Fjord1 og Sparebanken Møre, gjer det mulig å få med seg arrangementet mest uansett kvar ein bur i distriktet!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 23.10.2012
Fotograf: Hallgeir Hove
Robert Iversen (lengst til venstre) og Torgeir Osvik (i midten) frå Not For Sale, vil garantert skape stemning på laurdag! fotograf Hallgeir Hove

Laurdag 27. oktober kl 19.00 åpner dørene for årets Stordalstrøkk. Arrangørane lovar at det skal bli eit flott arrangement, der DJ Au'net står i spissen for diskoteket om kvelden. Live-musikken vil bandet Not For Sale står for, og det vil vere "Åpen scene" for dei som vil vise fram songtalenta sine.

Det vil også vere kiosk og konkurransar med premiering. Det er sjette gongen Stordalstrøkk vert arrangert, og det er eit konsept som ungdomane sjølve har regien på. Ungdomane hadde håpa på at fleire band ville melde seg, men ser fram til eit minst like kjekt arrangement på laurdag likevel!

Eineståande transportopplegg!

Arrangørane er opptekne av at alle skal kome seg trygt både til og frå Stordalstrøkk, og i samarbeid med Sparebanken Møre (Gullkornmidlar) og Fjord1, er det sett opp skyss tur/retur Moa (via Dragsundet og Sjøholt) og Valldal (via Linge og Gravaneset). Bussen til Valldal korresponderar med ferjene. Sjå busstider og info på plakaten.

Sjå også eigen førehandsreportasje med m.a. tilbakeblikk på tidlegare Stordalstrøkk-suksessar! 

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove