Fotograf: Sons of Absolution
Bandet Sons of Absolution er klare for å entre scena under StordalsTRØKK 2016 fotograf Sons of Absolution
Plakat StordalsTRØKK
DJ Snackwells står også på plakaten til årets StordalsTRØKK!

StordalsTRØKK lovar TRØKK!

Laurdag 23. april er det klart for StordalsTRØKK 2016. Arrangør er Stordal ungdomsklubb og det vil bli både live-musikk og diskotek servert frå scena i Stordalshallen. Arrangementet er rusfritt og aldersgrensa er frå 8. klasse og oppover.

Sist endret 03.05.2016

Ålesundsbandet Sons of Absolution, med stordalingen Joakim Helgesen som vokalist (Clean vocals), er klare for å rocke publikum i Stordalshallen! I tillegg til Joakim, består bandet av Adrian Grimstad (Scream), Kristian Fagervoll (Lead Guitar), Joakim Giske (Guitar), Ole Kristian Skjong (Bass) og Jørgen Nesje (Drums). 

Bandet starta opp i slutten av 2012 og har hatt oppdrag m.a. på Jugendfest og Raumarock. Dei har gitt ut debutalbum «The Beautiful Sin» og var nyleg i finalen av Global Battle of the Bands.
Sons of Absolutions fokuserar på tunge riff og screamvokal og blander dette med fengande melodiar og storslagne refreng.
Musikkmagasinet, «hissig.no», har uttala at bandet har potensiale til å bli noko stort: «Hardcore metal-bandet har noe så sjeldent som to hovedvokalister, en synger og den andre growler. Det skaper en spennende kontrast i musikken, faktisk noko nytt i sjangeren».

På scena denne kveden vil vi også få oppleve debutantane i DJ Snackwells. DJ Snackwells består av tre lokale heltar som vil spele musikk frå alle sjangrar innan musikken. Her blir det også muligheit til å kome med ønskelåtar og arrangørane ser fram mot topp stemning også når DJ Snackwells står for underhaldninga! 

Her er
plakaten til StordalsTRØKK 2016 (PDF, 526 kB).

StordalsTRØKK blir arrangert for niande gong og arrangørane håper at mange tar turen til Stordalshallen denne kvelden. Om du bor i Stordal, Ørskog eller Norddal, har du muligheit til å nytte deg av ordninga Trygt heim for ein 50-lapp når du skal heim.
Om du skal til Ørskog eller Stordal, må du ringe Ørskog taxi på telefon 90672180 innan kl. 18:00. Ordninga gjeld over kommunegrensene når det er ungdomsklubb. Her du kan lese meir om Trygt heim for ein 50-lapp i Ørskog og Stordal.
For Norddal gjeld skyss over kommunegrensene berre i enkelttilfeller, som t.d. Stordalstrøkk, og du må ringe Valldal Taxi på telefon 90906210 og bestille innan kl. 18:00. 

 Her kan du lese tidlegare reportasje og finne lenker til StordalsTRØKK tidlegare år!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove