Storfjord NTN Taekwon-do Klubb, med ny samling i Stordalshallen

Taekwon do januar 2018 - Klikk for stort bildeTaekwon do januar 2018 Eilif Falch

Denne helga var det vår lokale taekwon-do-klubb, som gjennomførte treningssamling i Stordalshallen. Instruktørane var på plass alt på fredagskvelden og på laurdagen kom så resten av deltakarane. Det var full køyr til langt ut på søndagen og det var ein godt sliten gjeng som då pakka sakerne sine og vende heim. Men ikkje minst hadde dei også hatt det kjempekjekt saman og då er alt som det skal vere då.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 16.01.2018

Taekwon do januar 2018 - Klikk for stort bildeTaekwon do januar 2018 Hallgeir Hove Taekwon do januar 2018 - Klikk for stort bildeTaekwon do januar 2018 Hallgeir Hove Taekwon do januar 2018 - Klikk for stort bildeTaekwon do januar 2018 Hallgeir Hove Taekwon do januar 2018 - Klikk for stort bildeTaekwon do januar 2018 Hallgeir Hove

Hovudansvarleg for samlinga var Eilif Falch og med seg som hovudinstruktør hadde han Fernando Perez-Rønneberg (han er også leiar for klubben). I tillegg bidrog ungdomen aktivt som instruktørar og då var det dei som har vore med lengst og som elles hadde høgast gradering.

Blant dei 20 som deltok, var det mange i relativt ung alder, noko som tyder på at også rekrutteringa i klubben er god.

Storfjord NTN Taekwon-do Klubb har hatt mange samlingar i Stordalshallen, etter kvart. Sjå gjerne tidlegare reportasjar og bilder.

Medlemmane hevdar seg særs godt

Her er fleire bilder frå samlinga denne helga

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove