Storinnrykk frå Gursken Skulekorps komande helg!

Gursken Skulekorps - aspirantar - Klikk for stort bildeGursken Skulekorps - aspirantar

Når vi no er i full gong med nedtellinga til Stordalscup 2017 og samtidig ser fram til eit nytt flott sommarshow med Big Valley Voices, kan vi også avsløre at Gursken Skulekorps legg turen hit til oss komande helg. Dei skal då gjennomføre øvingshelga si ved Stordalshallen. Stordalingar og andre, kan m.a. sjå fram til konsert med det flotte korpset i Stordal sentrum (Allmenningen), kl 14.00 på laurdagen.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 06.06.2017

Gursken Skulekorps - aspirantar - Klikk for stort bildeGursken Skulekorps - aspirantar Gursken Skulekorps - logo - Klikk for stort bilde

Gursken Skulekorps tel 25 musikantar. Då snakkar vi om hovudkorpset. Men i tillegg har dei også heile 19 aspirantar og i tillegg 8 drilljenter. Det er dermed liten tvil i at korpset vil bli lagt merke til i helga.

Det flotte korpset har sjølvsagt eiga facebookside og du kan også fylje dei på instagram: gurskenskulekorps
 
Det har blitt ein del prisar også og her tek vi med eit par av dei ferskaste:
 
1.plass i 3.divisjon på Nordvesten 2016

2.plass i 2.divisjon på Nordvesten 2017
 
No er det slik at dei fleste korpsa på Sunnmøre har funne ut at Stordalshallen er førstevalet, når dei skal gjennomføre øvingshelgar. Det som er ekstra stas er at også korpsa på Søre Sunnmøre ynskjer seg hit. For Gursken Skulkorps blir dette første gongen, men frå før av har vi hatt besøk av Ulsteinvik Skulekorps både i 2015 og no i 2017. I tillegg hadde vi også besøk av Jøleik Skulekorps (frå Leikong) i 2015
 
Korleis får vi til alt dette på ei og same helga, lurer nokon kanskje på? Jau, takka vere eit veldig godt samarbeid, ikkje minst med Big Valley Voices og god planlegging, blir det då slik at musikantane frå Gursken kjem til Stordalshallen først rundt kl 22.30 på fredagskvelden. Då har dei fått både bowla og kosa seg med god mat i Spjelkavik. Når dei så kjem til Stordalshallen, så er sommarshowet der nettopp avslutta og scene m.m. rigga ned. Når så musikantane dreg heim litt ut på søndagen ein gong, er det så klart for å rigge opp til folkefesten helga etter.
 
Dette er med andre ord nok ei stadfesting på at det eine arrangementet/besøket avløyser det andre i Stordalshallen og at det ikkje berre er Jan Werner og Stian Barsnes Simonsen som har møtt kvarandre i døra der, for å seie det sånn.
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove