Storinnrykk ved Arena Overøye

I dag er hundrevis av born og unge på plass ved Arena Overøye. Det vert rapportert om at det er meir enn 10 busslastar med elevar som no boltrar seg i alpinløypene og mange nyttar seg også av dei flotte turmuligheitene innover fjellet. Dei mange bestillingane frå skular i heile distriktet tyder på at Arena Overøye er førstevalet når skuleskidagane skal avviklast.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 08.03.2013
Fotograf: Arena Overøye
Slik ser det ut ved Arena Overøye i dag! fotograf Arena Overøye

Etter det vi har fått rapportar om, er det 400 elevar på plass i dag og då frå fleire skular. I går var det Vatne Ungdomsskule som hadde sin skidag her og i løpet av den komande perioden skal mellom anna fyljande skular hit: Gjermundnes vidaregåande skule, Larsgården barneskole, Spjelkavik barneskole, Borgund videregående skole, Spjelkavik videregående skole (to-dagars ekskursjon).   

Når ver og føre er som i no, og med dei forholda både i bakken og innover fjellet, er det grunn til å tru at endå fleire skular vil melde sin ankomst i tida framover.

For alle oss som må halde seg innandørs, er det berre å misunne dei, alle som ein!

Les meir om det du kan oppleve på Arena Overøye si nettside.

Meir om løypekøyring o.l. finn ein på Stordal Fjellservice si nettside.

Meir om dei mange topptur-muligheitene finn du her. 

Den om lag 100 elevars store gruppa som kjem frå Spjelkavik videregående skole kombinerer opplegg med overnatting ved Stordalshallen og flotte opplevingar ved Arena Overøye. Dette kan du lese meir om på Stordalshallen si nettside. Liknande opplegg har dei gjennomført dei siste 13 åra, og like vellukka er det kvar gong.

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove