Vi feirar Grunnlovsjubileet 1814-2014
Vi feirar Grunnlovsjubileet 1814-2014
Fotograf: Hallgeir Hove
10. klasse ved Stordal skule er klare for å gje oss ei lokalmønstring (UKM) av beste merke! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Kjekt med fakkeltog! Her frå nyttårsaftan i 2009 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Ruth Janne Vinje
Om vergudane er med oss, vil det bli eit spektakulært skue når vardebålet vert tent! fotograf Ruth Janne Vinje
Fotograf: Brit Skjelten
Ordførar Charles Tøsse vil stå for den offisielle opninga av grunnlovsjubileet fotograf Brit Skjelten

Storstilt markering av grunnlovsjubileet!

I år skal grunnlovsjubileet feirast over heile landet og i Stordal er jubileumskomiteen godt i gang med planlegging av ulike markeringar gjennom jubileumsåret. Søndag den 16. februar har ein lagt opp til ei storstilt markering av grunnlovsjubileet i forkant av Ungdommens Kulturmønstring.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 31.01.2014

Jubileumskomiteen har utarbeidd ei flott pressemelding i høve markeringane som vil finne stad i Stordal kommune, og denne presenterer vi i si heilheit her: 

Fakkeltog og vardebrenning

Markeringa startar kl 17.30 med fakkeltog frå Stordal sentrum og fram til Stordal skule, der ein vil samlast for å sjå på vardebrenninga. Ein vil tru at opptoget vil vere eit vakkert syn for representantane frå Stordal Turlag som har vore på veg oppetter fjellsida for å tenne varden på fjellet «Varden» kl 18.00. Det vil bli tent vardar i alle nabokommunar og i fleire andre sunnmørskommunar samstundes. Vardebrenninga er eit samarbeid mellom frivilligsentralane på Sunnmøre. Desse kreative aktørane vil vi dessutan få sjå meir til i løpet av jubileumsåret. Når det gjeld fakkeltog og vardebrenning må ein sjølvsagt ta atterhald når det gjeld veret. Under samlinga på skuleplassen vil Bjørg Jacobsen, leiar av Stordal frivilligsentral, gje ei kort orientering om vardebrenning i historisk perspektiv. Stordal Hornmusikklag vil vere til stades og spele til allsong av ”Ja, vi elsker».

 
Markeringa held fram i Stordalshallen

Etter samlinga på skuleplassen er det lagt opp til ei markering frå scena i Stordalshallen. Dei som er lettast på foten, rekk kan hende ein tur innom kafeen før dei sessar seg for den neste programposten kl 18.15. Ordførar Charles Tøsse vil stå for den ”offisielle opninga” av grunnlovsjubileet i Stordal kommune og biblioteksjef Bjørg Moltu vil fortelje om NRK sitt prosjekt «Drømmer for Norge». Stordal bibliotek er ein del av draumelaget og biblioteksjefen vonar at folk i alle aldrar vil bli inspirert til å dele sine draumar. Draumane skal publiserast på ei nettside, og nokre vil også bli sendt i NRK. Nasjonalbiblioteket vil oppbevare draumane for framtida. «Drømmer for Norge» vil vere folket si røyst i 2014 og seie noko om kva vi er opptekne av.


Kafé og kulturmønstring

Dørene til Stordalshallen opnar alt kl 17.30 og då vil dei som er mest frostige, ha høve til å besøke kafeen som ein vil tru kan freiste med mange godbitar. Det vil også vere utstilling av påmeldt kunst til UKM som er verdt å få med seg!
Ungdommens kulturmønstring startar kl 18.30 og denne gongen vil det vere deltakarar også frå Norddal kommune. I UKM kan ungdom i alderen 10-20 år delta med alle typar kulturuttrykk, som t.d. song, musikk og dans frå scena, eller med utstilling av kunst. Påmeldingsfristen er 9. februar og med deltakarar frå to kommunar er vi overtydd om at det vil bli ei flott og variert kulturmønstring! Det er 10. klasse ved Stordal skule som arrangerer UKM.

Familieframsyning med Astrid Overå 30. mars

I tillegg til å ta initiativ til felles vardebrenning i kommunane, har frivilligsentralane hyra inn Astrid Overå til å skreddarsy ei familieframsyning som skal visast i dei ni kommunane (Ålesund, Ulstein, Giske, Sula, Ørskog, Stordal, Norddal, Stranda og Sykkylven). Astrid Overå vil ha hovudrolla i stykket, som vil vere ei historisk reise frå 1814 og fram til no, med både song, dans og musikk. Også lokale frivillige krefter deltek. Sett av datoen søndag 30. mars alt no, for då blir det framsyning i Stordal!

 
Frivillig arbeid gjer bygdene våre levande og vitale

Det blir sagt at landet vårt er tufta på frivillig arbeid og dugnad. Vi treng ikkje leite lenge for å finne ivrige eldsjeler som er med på å gjere bygdene våre levande og vitale. Markeringa den 16. februar er berre eit av mange eksempel som involverer mange frivillige. Her har vi med Stordal Turlag, Stordal Hornmusikklag, samt foreldre og elevar i 10. klasse ved Stordal skule. Markeringa er også eit samarbeid med den lokale komiteen for grunnlovsjubileet i Stordal kommune, Stordal frivilligsentral, Stordal bibliotek og Stordalshallen.

Meir informasjon om desse markeringane og seinare arrangement i jubileumsåret vil kome etter kvart. Vi gler oss til å kunne invitere til markeringa av grunnlovsjubileet her i Stordal kommune.



Charles Tøsse, ordførar og leiar av komiteen for grunnlovsjubileet
Bjørg Jacobsen, dagleg leiar av Stordal frivilligsentral
Bjørg Moltu, biblioteksjef ved Stordal bibliotek
Hallgeir Hove, kulturkonsulent og dagleg leiar av Stordalshallen
UKM 2014 v/ 10. klasse ved Stordal skule

Den offisielle nettsida i samband med grunnlovsjubileet kan også vere kjekk å vitje.

Meir om NRK-prosjektet kalla "Drømmer for Norge" finn du her.

Om du har lyst til å lese vår tidlegare reportasje om lokalmønstringa av UKM, finn du denne her.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove