Fotograf: Hallgeir Hove
Magnus viser litt av sine akrobatiske ferdigheiter framfor dei yngste deltakarane fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Her er det dei på mellomsteget som får sjå kva Magnus kan fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Ikkje like mange i den eldste gruppa, men dei som var med vart iallefall verkeleg inspirerte! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Kvar økt vart avslutta med Michal Jackson-show fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Magnus fekk sjølvsagt med seg ei t-skjorte og ein hals frå Stordalshallen fotograf Hallgeir Hove

Stort å få møte Magnus!

Over 60 barn og unge fekk vere med på ei oppleving dei seint vil gløyme i går kveld. Den profesjonelle dansaren Magnus Emaka Einang sitt opplegg var verkeleg bra og det er utvilsamt mange som har lete seg inspirere til å halde fram med dans etter den forrykande kvelden.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 09.10.2012

Deltakarane var inndelt i tre grupper og i den første gruppa, der dei yngste deltakarane var med, talte vi over 30 barn. Dette var likevel inga hindring for Magnus. Han viste seg å vere ein dyktig pedagog, i tillegg til å inneha danseferdigheiter i verdensklasse. Dette bidrog til at deltakarane slapp verken kjede seg eller tenkje på andre ting enn nettopp det å få med seg kva Einang hadde på hjertet.

Det var elles imponerande å registrere kor raskt deltakarane lærte seg dei ulike "moves" og dei fekk også høve til å presentere det dei hadde lært overfor kvarandre. Mot slutten av kvar av øktene, som altså var på ein time, fekk deltakarane også oppleve Magnus i aksjon på dansegolvet sjølv.

Etter at alle øktene var ferdige tok Magnus seg også god tid til å snakke med mange av deltakarane. Ikkje vanskeleg å sjå at det var eit særs populært besøk og mange ville naturlegvis høyre meir om alt det spanande Magnus får oppleve som profesjonell dansar i London. Magnus skreiv også ei stor mengde med autografar og for dei som hadde dratt heim før dei fekk autografen hans, kan desse hentast på skulen, etter haustferien. 

Vi var på førehand klar over at Magnus Emaka Einang var ein dugande dansar. Etter å ha møtt han i går kveld kan vi også trygt slå fast at han er ein inspirator av rang og også elles ein på alle måtar suveren fyr. Det er all grunn til å tru at mange av dei som fekk oppleve han, ikkje har fått mindre lyst til å satse på dans, etter dette. Deltakarane var iallefall meir enn klare for å få fleire besøk av denne profesjonelle dansaren!  

Magnus sjølv, var særs imponert over kor flinke deltakarane var, både med tanke på dette med å ha fokus på det dei skulle og ikkje minst også kor mykje dei lærte på den relativt korte økta.  

Vi takkar Magnus for at han ville ta turen hit og nyttar høve til å ynskje han lykke til vidare i karriera si. 

I tillegg til bilda her, har vi laga eit eige galleri med mange bilder på Stordalshallen si facebook-side

Sjå gjerne også vår førehandsreportasje, for meir om Magnus

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove