Stort med storband i Stordalshallen!

Juleshow med Maria, Big Odd Band, Indre Strøk, Trygve Sætre og Big Valley Voices, 10. des 2017 - Klikk for stort bildeJuleshow med Maria, Big Odd Band, Indre Strøk, Trygve Sætre og Big Valley Voices, 10. des 2017 Hallgeir Hove

Juleshowet til Maria Holand Tøsse, sist søndag, der ho hadde med seg Big Odd Band, Indre Strøk, Trygve Sætre og Big Valley Voices, vart verkeleg flott. Samla sett var det over 50 musikarar på scena og ein kan ikkje anna enn å hevde at vi må vere skikkeleg priviligerte, som får oppleve slikt.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 04.01.2018

Juleshow med Maria, Big Odd Band, Indre Strøk, Trygve Sætre og Big Valley Voices, 10. des 2017 - Klikk for stort bildeJuleshow med Maria, Big Odd Band, Indre Strøk, Trygve Sætre og Big Valley Voices, 10. des 2017 Hallgeir Hove Juleshow med Maria, Big Odd Band, Indre Strøk, Trygve Sætre og Big Valley Voices, 10. des 2017 - Klikk for stort bildeJuleshow med Maria, Big Odd Band, Indre Strøk, Trygve Sætre og Big Valley Voices, 10. des 2017 Hallgeir Hove Juleshow med Maria, Big Odd Band, Indre Strøk, Trygve Sætre og Big Valley Voices, 10. des 2017 - Klikk for stort bildeJuleshow med Maria, Big Odd Band, Indre Strøk, Trygve Sætre og Big Valley Voices, 10. des 2017 Hallgeir Hove Maria Holand Tøsse intervjua av NRK i høve opninga av Stordalshallen i 1997 - Klikk for stort bildeMaria Holand Tøsse intervjua av NRK i høve opninga av Stordalshallen i 1997

Ingen blir vel overraska, når vi skriv at det er storarta å ha Maria på plass på scena i Stordalshallen. Det er ikkje første gongen, for å seie det sånn, og vi håper at det ikkje blir lenge før det skjer igjen.  For alle oss, som har eit ekstra nært forhold til Stordalshallen - og sjølvsagt til Maria, for den del - er det kjekt å sjå tilbake på intervju med ho, for 20 år sidan. Det var NRK som gjerne ville vite korleis den splitter nye Stordalshallen kunne nyttast, og ei ung Maria hadde sjølvsagt svar å kome med. Når ho står på scena med sitt eige Juleshow i jubileumsåret til storstova vår, er det stas også å sjå tilbake på slikt. I ein også elles så unik film, kan de finne intervjuet med Maria, 13 minutt og 40 sekund ute i filmen. (så anbefaler vi sjølvsagt at alle får med seg filmen i si heilheit. Når jula set inn for fullt, blir det kanskje ekstra god tid til det)

Med Maria på plass, så veit vi altså kva vi får og når ho i tillegg har med seg Big Odd Band, med Odd Fossum i spissen, så vert dette storslagent. Tek vi vidare med dei dyktige strykarane i Indre Strøk, får vi eit lydbilde det er lenge mellom kvar gong ein får oppleve. Med seg som vokalist, hadde Maria også Trygve Sætre. Skikkeleg flink også han. Dei to veksla på å synge solo, og duett, i tillegg til at vi fekk vakre instrumentalar.

Stort var det naturlegvis også når Big Valley Voices, med Solveig Maria Nedregård i spissen, entra scena. Ikkje berre lydde det storslått med desse røystene i tillegg, men så vart det også - om mogleg - enda flottare på scena, når dei dyktige songarane danna den vakraste bakgrunn ein kan tenkje seg.

Med seg til å ta hand om lyden, hadde Maria; Thony og Bendik frå Farstad Lyd. Også det fungerte perfekt.

 

Ekstra stor scene

Det var rigga opp ei skikkeleg flott scene, med stjernehimmel og det heile. Scena måtte naturlegvis også vere ekstra stor denne gongen, i og med at det var så mange som skulle på scena samstundes. Liten tvil om at elevane i 10. klasse og lærarar ved Stordal skule hadde gjort ein god jobb med både trosserigg, sveivetårn og scenemodular. Tildekking av golv og oppsett av stolar og bord, høyrer også med.

Både før konserten starta og i pausen, kunne publikum meske seg med dei deiligste kaker, i og med at Big Valley Voices hadde teke på seg den oppgåva.

 

No gler vi oss også til å lese om den flotte konserten i lokalavisene våra, og vert ikkje overraska om det også der vert mykje god omtale.

 

Her er glimt frå konserten, redigert av Maria sjølv

Big Valley Voices har delt dette flotte filmopptaket frå konserten, på si facebookside 

Eige bildegalleri frå konserten, finn du på Stordalshallen si facebookside

Sjå gjerne også våre førehandsreportasjar

Storfjordnytt hadde, som vanleg, også fin reportasje

Avslutningsvis rettar vi ei stor takk til alle som var med på å gje oss eit slikt fantastisk flott juleshow og vi håper naturlegvis å få oppleve liknande, ved seinare høve!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove