Strålande 17. mai!

17. mai 2017 - Tog Stordal  - Klikk for stort bilde17. mai 2017 - Tog Stordal Hallgeir Hove

Årets nasjonaldagsfeiring vart strålande på alle måtar. I tillegg til at det arrangementsmessige - som vanleg - fungerte perfekt, var det også eit fantastisk flott ver heile dagen. Heilklaff dette, når ein tenkjer på veret som var både dagen før og dagen etter. Ein lang og flott dag, både på Dyrkorn og i Stordal, vart runda av med ein flott kulturkveld i Stordalshallen. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 22.05.2017

17. mai 2017 - Dyrkorn - Klikk for stort bilde17. mai 2017 - Dyrkorn Bjørg Jacobsen 17. mai 2017 - dagens talar og programleiar - Klikk for stort bilde17. mai 2017 - dagens talar og programleiar Hallgeir Hove 17. mai 2017 - Stordal, leikar på stadion - Klikk for stort bilde 17. mai 2017 - Stordal, kulturkveld - Klikk for stort bilde17. mai 2017 - Stordal, kulturkveld Hallgeir Hove

Bygdene våra var verkeleg pynta til fest og det var liten tvil om at arrangørane hadde gjort ein flott jobb med dette.

På Dyrkorn var det som vanleg feiring av nasjonaldagen ved grendahuset. Her var det kafé, tombola, quiz og tipping av antal twist på glas. Det var sjølvsagt ulike leiker for både barn og vaksne, m.a. dart, pilkast på ballong og kasting på bokser. Stordal Hornmusikklag spelte. 


I Stordal, var det, tradisjonen tru, oppstilling i sentrum kl 10.30 og kl 10.45 var det klart for avmarsj i retning Stordal Bygdetun. Men før det hadde korpsa spela for oss og Kjell Magne Moe hadde stått for kraftfulle saluttar frå "Dagmarvegen". Fremst i toget, ordførar Eva Hove og flaggberarar. Det er også fast tradisjon å stoppe ved Stordalstunet, for å gjere ekstra stas på bebuarane der. Korpsa spela Stordalssongen og Ja, vi elsker og i tillegg song Alteheia og Charis på verandaen rett utanfor stova der.

Vel framme ved bygdetunet stod elevane i 8. klasse klare med sal av is og brus, kaker og kaffe og det tok ikkje lange stunda før dei måtte til fri til Joker for å få hente meir flytande. Det varme veret bidrog nok til at det vart rekordstort sal denne gongen.

Det var Robin Aasen som hadde teke på seg oppdraget med å vere programleiar og etter å ha gratulert alle med dagen og ynskt velkomen på stødig vis, kunne han også introdusere talaren for dagen, Arnljot Worren. Worren er, som han sjølv sa det, 2/7 stordaling. I dette ligg det enkelt og greit at han/dei så å seie alltid er på plass i Stordal, eller Øvre Stordal for å vere meir presis, når helga kjem. Worren har i mange, mange år engasjert seg i utviklinga av Overøye/Langsæterområdet og lagt ned stor innsats. I talen sin, som også tok oss med tilbake til tida rundt 1814 og anna, var han også inne på kor bra og viktig det arbeidet som er blitt utretta i Øvre Stordal er og han hadde også mange lovord om stordalingane og dugnadsånda som rår også i Øvre Stordal. Dette var debuten hans som 17. mai-taler, og i følge han sjølv også hans siste. Akkurat dette siste, er det ingen grunn til og stordalsvenen mottok vel fortjente blomster, overrekt av programleiar Robin Aasen.

Skulekorpset og hornmusikken spela for oss også ved bygdetunet og dei begge fekk vel fortjent ros av programleiaren. Etter at programmet ved bygdetunet var over, var det så klart for gudsteneste i Rosekyrkja kl 12.45 og også der spela hornmusikken. Ikkje mindre enn sju salmar/songar framførte dei der. ...og i tillegg altså på Dyrkorn etter dette igjen, og til slutt på kulturkvelden i Stordalshallen. Enkelt og greit eineståande!

Kl 1500 var det så klart for leikar på stadion og i tillegg var det kafe i Stordalshallen for dei som ville nyte kaker og kaffe der. Arrangørane hadde mange kjekke leikar og i tillegg boltra born og unge seg både ute på kunstgraset og i skateparken ved stadion. I vindauga på skulen, var det som vanleg hengt opp flotte teikningar laga av elevane der.

Kulturkveld i Stordalshallen
Stordal ungdomsklubb overtok så stafettpinnen kl 17.00 og arrangerte kulturkveld i Stordalshallen. Mykje folk møtte opp også der og ein måtte faktisk sette til ekstra stolar for å få plass til alle. Også denne gongen fekk vi oppleve mykje flott frå scena, der det også er på sin plass å trekkje fram at lydmann Lasse Døving gjorde solid jobb som vanleg.  I år som i fjor vart det ei ekstra flott avslutning på både kvelden og dagen, sett under eitt, når Kristine Ulvestad og Maciek Kaniecki framførte Ja, vi elsker frå scena i ein fullsett idrettshall.

Oppryddinga i etterkant, gjekk også veldig bra, med god oppslutning frå elevane og foreldre/føresette til dei på ungdomsskulen.

Sjå eige bildegalleri (265 bilder) frå arrangementet på dagtid i Stordal

Sjå eige bildegalleri (2 bilder) frå arrangementet på Dyrkorn

Sjå eige bildegalleri (71 bilder) frå kulturkvelden, på Stordalshallen si facebookside

Sjå gjerne også vår førehandsreportasje med omfattande tilbakeblikk på tidlegare års feiringar

Då står det att å takke alle dei som hadde stelt i stand slike flotte arrangement både på Dyrkorn (Dyrkorn Vel) og i Stordal (Vinje-grenda og Stordal ungdomsklubb) og nok ein gong ei ekstra stor takk til korpsa våre!  

Ja, eigentleg stor takk til alle, som kvar på sitt vis var med på å gjere dette til ein slik flott dag!

 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove