Fotograf: Hallgeir Hove
Toget i Stordal var eit vakkert skue og ein skulle nesten tru at det budde dobbelt så mange som det faktisk gjer her fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Flott tog også på Dyrkorn og det som vanleg med spektakulær utsikt! fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Hallgeir Hove
Vi var så heldige å få høyre redaktøren i Storfjordnytt, Randi Flø, halde tale for dagen. Heldige var vi også med valet av leiar i arr.komiteen, nemleg Anne Berit Løset (t.v.) fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Dalingane hadde mange kjekke leikar borna kunne vere med på og kjempekjekt vart det! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Særs god oppslutning var det som vanleg også kring kulturkvelden i Stordalshallen. Her ser vi Maciek Kaniecki og Kristine Ulvestad framføre Ja, vi elsker fotograf Hallgeir Hove

Strålande feiring!

Årets feiring av nasjonaldagen vår, vart av det strålande slaget. Ikkje berre hadde arrangørane gjort framifrå jobb, men også det gode veret var med på å skape ei flott ramme kring det heile både på Dyrkorn og i Stordal. Eigen kulturkveld i Stordalshallen vart det også denne gongen. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 29.05.2015

Feiringa på Dyrkorn
På Dyrkorn var det tradisjonell feiring på grendahuset. Det er velforeninga som står for arrangementet med eigen årskomité som velgast for kvart år. Det var middagsservering (lapskaus) og kakesalg. Stordal Hornmusikklag spelte i toget som gjekk frå grendahuset og nedover til Bakkeplassen. Middags- og kakesalget fortsatte også etter toget, i tillegg var det leikar for borna, quiz og loddsal.

Feiringa i Stordal
I Stordal var det dalingane, som hadde teke på seg den offisielle delen av feiringa, medan Stordal Ungdomsklubb inviterte til kulturkveld rett etter.

Den offisielle delen 
Tradisjonen tru sytte Kjell Magne Moe for tre kraftige saluttar kl 10.45 og dermed kunne toget starte frå sentrum i retning Stordal Bygdetun, etter at fedrelandssongen var spela. Til liks med i fjor, var det verkeleg god oppslutning om toget, der naturlegvis ordførar og flaggberarar danna front. Ikkje minst kunne vi også gle oss over deltakinga frå skulekorps og hornmusikk. Ekstra gledeleg å registrere at korpset har fleire medlemmar enn på lenge.   

Ved Stordalstunet var det naturlegvis stopp og her sytte Anne Berit Løseth, leiar i hovudkomiteen, for å sy dette ekstra fint saman. Her fekk vi også høyre vakre tonar og tekstar framført av Aletheia og Charis og sjølvsagt spela korpsa. Her vart det faktisk også slik at fleire måtte springe frå opptreden i kor, for så å stille opp att i korpset for å spele vidare der. Supert!

Vel framme ved bygdetunet og framfor den flotte Løsetstova, kunne Anne Berit ynskje dei mange som hadde gått i tog og dei som hadde kome seg dit på anna vis, velkomen. Ho hadde også gleda av å presentere ho som skulle halde tale for dagen, nemleg redaktøren i avisa Storfjordnytt, Randi Flø. Som journalist i lokalavisa i 20 år, er det få som kjenner stordalssamfunnet så godt som Flø og ho hadde mange interessante observasjonar å dele med publikum. Ho hadde mykje godt å seie om både Stordal og om stordalingen og at dette lille lokalsamfunnet vert lagt merke til rundt om, var ho ikkje i tvil om. Ho ramsa opp ei rad flotte stordalsambassadørar og var også tydeleg på at det truleg var endå fleire. Det historiske perspektivet hadde ho også med i talen sin, i tillegg såg ho også framover. I det store og det heile ein veldig god tale.

Ved bygdetunet vart det også allsong, akkompagnert av korps og hornmusikk, det var sal av is, brus, kaker og kaffe og ikkje minst fotografering av både bunadskledde og andre festkledde. Vi observerte også ei sokalla drone oppe i lufta og om det fungerte som det skulle vil vi tru at dette vert ein flott filmsnutt frå då toget entrar tunet.

Mot slutten av programmet ved bygdetunet, kunne Anne Berit orientere om at det var klart for gudsteneste i Rosekyrkja og at det så var samling ved Kirkebø Stadion og Stordalshallen kl 15.00, før ho takka alle som hadde møtt fram til denne første delen av dagen.

Vi har nemnt det før, men gjer det gjerne igjen. I Rosekyrkja var musikantane også på plass, og det var dei også når toget starta på Dyrkorn! Jammen er vi heldige!

Dalingane hadde verkeleg laga til mykje kjekt for borna på stadion. Ikkje minst var dei fire store trøbilane arrangørane hadde fått lånt inn, verkeleg populære. Kjekt også at det var laga til eige rebusløp rundt om på stadionområdet. Då kunne store og små delta saman, om ein ville det. Oppe i Stordalshallen var eit kjempestort kakebord rigga til og der kunne den som ville slå seg ned og nyte både kaker og nytrekt kaffe.

Det er verkeleg på sin plass å takke alle dei som var med på å stelle i stand slike flotte feiringar, både på Dyrkorn og i Stordal. Eineståande, rett og slett!

Kulturkveld
Det er blitt ein fin tradisjon i Stordal, at ein rundar av dagen med ein eigen kulturkveld. Det er Stordal Ungdomsklubb som har regien og tek seg av alt frå programleiarrolla, til å ordne med programinnslaga. Det er også barn og unge som står på scena og denne kvelden fekk vi m.a. flotte danseinnslag frå både Stordal barnering (folkedans) og frå gruppa "Tigers" (moderne dans). I tillegg også fleire fine song- og musikkinnslag.

Utdeling av kulturstipend
Dette var også eit fint høve til å få delt ut diplom og blomster til dei to medlemmane i Charis, som ikkje var til stades då kulturstipend vart delt ut under Årsfesten i vinter. Ordførar Charles Tøsse tok hand om overrekkinga til Mathilde Vinje Øvrebust og Julie Olsen Almås. Les gjerne meir om dette

Martine utnemt som Barnas kommune-ambassadør!
Stordal kommune har sidan 2009 også vore Barnas kommune. Som ein del av dette prosjektet, der ein har særs stort fokus på dette med Stordal som ei god kommune å vekse opp i, har styringsgruppa også opna opp for at det skal vere mulig å verte utnemnt som Barnas kommune - ambassadør. At ei slik utnemning heng høgt, visast med all tydlegheit ved at det fram til no berre var ein person som vart blitt slik heider til del. Les meir om dette i eigen reportasje

Kulturkvelden vart runda av med uttrekking av heldige vinnarar i lotteriet som dalingane og ungdomsklubben hadde fått til saman.

Nok ein gong takk til Stordal Ungdomsklubb for vel gjennomført kulturkveld.

For mykje meir om 17. mai-feiringar i Stordal kommune, kan du gå til førehandsreportasjen vår og der finne lenker langt attende i tid.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove