Fotograf: Hallgeir Hove
Aafk kunne sleppe jubelen laus, etter at KM-tittelen var eit faktum fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Skodje sitt lag imponerte og spela seg heilt til finalen, der dei også hadde mange gode avslutningar. Men Aafk sin keeper stod meisterleg fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Sondre Beite (Skodje) og Vebjørn Hoff (Aafk) vart toppscorarar med sine 12 mål kvar fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Futsal KM G 19 Sondre Beite fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Elias Dahlberg (Aafk) vart kåra til turneringa sin beste spelar fotograf Hallgeir Hove

Strålande Futsal-KM!

Stordal IL stod som arrangør av KM i futsal for G 19 denne helga og nok ein gong leverte dei varene. Eit prikkfritt gjennomført arrangement der det til slutt var Aafk som viste seg å ha det sterkaste laget. I finalen slo dei eit Skodje-lag som også verkeleg imponerte. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 04.11.2013

Det skulle altså vise seg at det var Aafk som kunne juble høgast til slutt, etter at dei hadde slått eit godt Skodje-lag med 4-2 i finalen. Til liks med mange av kampane tidlegare i turneringa, bar også finalen preg av mange sjansar til begge lag. I finalen stod Aafk sin keeper meisterleg og stoppa både toppscorar Sondre Beite og dei andre dyktige skodjegutane, gong etter gong. Men det er liten tvil i at Aafk har eit sterkt G 19 - lag og skarpast av dei alle var Elias Dahlberg, som også vart kåra til beste spelar i turneringa.

Stordal IL leverte varene på ny, også som arrangør. I tillegg til prikkfri kampavvikling, kunne dei også by på livescore, bra lydanlegg, flott kafé og sist men ikkje minst; overføring av Mjøndalen - Hødd på storskjermen i grendasalen. Det var elles ikkje få friviljuge i sving i løpet av helga, både i sekretariatet, på kjøkkenet og i kafeen. Suverent! 

Stordalsgutane gjorde også sine saker bra. I siste kamp i innleiande runde, trengte dei berre uavgjort mot Emblem, for å vere klar for mellomspelet. Det etter m.a. å ha slått Norborg heile 7-0 tidlegare på laurdagskvelden. Men dessverrre vart det tap 4-3 for stordalingane og dermed var eventyret over for denne gongen. At Emblem etterkvart spela seg heilt til bronsefinalen, seier også litt om kor små marginane var.

Sjå 266 bilder frå det flotte arrangementet på Stordalshallen si facebookside! (der finn du også lenke til livescore, med alle detaljane frå KM G 19 i Stordalshallen)

Sjå gjerne også vår førehandsreportasje for meir om KM i Stordalshallen

Vi gratulerer Aafk med KM-tittelen og sjølvsagt arrangørane hjå Stordal IL, med prikkfritt gjennomført arrangement enno ein gong! 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove