Fotograf: Hallgeir Hove
Strålande solskin, fotball, tivoli, konkurransar, verdas beste grillmat, loppemarked, klatring, konsertar, utedans, lotteri, messer, osv, osv. Det er Stordalscup det! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Dyktige gutar frå Skarbøvik IF og Stordal IL, etter ein flott gjennomført kamp fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
I Stordalshallen var det også denne gongen stor aktivitet i klatreveggen, i tillegg til alt det som elles står på programmet der fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Ole Andre Vidhammer, ein av fleire frå Stordal Brannvesen som stilte opp, slik at den som ville fekk prøve den nye flott brannbilen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Sykkylven stilte med to sterke lag i klasse J 16 og eitt av dei gjekk heilt til topps i Stordalscup 2015 fotograf Hallgeir Hove

Strålande, som vanleg!

Påstanden om at det alltid er bra ver under Stordalscup, vart ikkje akkurat svekka, etter at den 35. utgåva av Stordalscup var vel i hamn. Tidlegare denne sommaren har det knapt nok vore ein einaste godversdag, men så skein altså sola heile sist helg og på den måten sette prikken over i-en i det som må hevdast å vere eit nytt knirkefritt og suverent arrangement. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 03.07.2015

MYKJE FLOTT SPEL OG MANGE SPANANDE KAMPAR
Frå tidleg morgon og til godt utpå kvelden, både laurdag og søndag, vart det spela kampar på 6 baner. Totalt snakkar vi om over 120 kampar og avviklinga av det heile gjekk veldig bra og det også utan at karane frå Skipatruljen ved Arena Overøye, trengte behandle stort sett anna enn nokre små skrubbsår. 

SYKKYLVEN OG ØRSKOG/STORDAL TIL TOPPS
I den eldste klassa (16 år), var det Sykkylven IL som gjekk heilt til topps for jentene, etter at dei gjekk av med sigeren mot Sunnylven IL. Sykkylven stilte faktisk med to lag dei og det andre laget deira sikra seg tredjeplassen, etter siger over MSIL i ein jamnspelt og god bronsefinale. Det var seks lag med i denne klassa. Blant gutane vart det ein rein finale mellom samarbeidslaget Ørskog/Stordal, der det faktisk var andrelaget som trekte det lengste strået. Dette vart ein skikkeleg fartsfyllt og god finale, med mange flotte prestasjonar og når resultatet også vart 4-3, så skjønar ein at publikum også verkeleg likte det dei fekk sjå. No høyrer det med å nemne at Benjamin Parr (Vålerengen IF og bror til Jonathan) var med på å forsterke vinnarlaget, men uansett er det gledeleg å registrere kor mange dyktige fotballspelarar som kjem opp. Dette må då love godt også for A-lagsfotballen i åra framover. Elles skal det bli spanande å fylje med på kor langt denne gjengen kjem, når dei om nokre veker skal delta på Norway Cup.

MANGE AKTIVITETAR Å VERE MED PÅ
Inne i Stordalshallen var klatreklubben på plass, slik at alle som ville prøve ut den 9 meter høge veggen, fekk høve til det. Her var både to og fleire i sving, stort sett heile tida.

Noko som også såg ut til å vere veldig kjekt, var å få prøve ut mykje av utstyret på Stordal Brannvesen sin flotte brannbil. Ungane fekk prøve på seg dei stilige hjelmane brannmannskapet bruker, dei fekk prøve sirena og dei fekk kjenne på trykket som blir når ein skrur på vatnet i brannslangane.

Rett bortanfor der igjen, var det måling av skuddstyrke og etter det vi erfarer var det spelarar som klarte å få til skot der ballen vart målt til nærare 120 km i timen! Men om ikkje alle skaut så hardt, var det iallefall tydeleg at både laseren, shoot-out teltet og minigolfen var kjekk avveksling innimellom alt det andre ein kunne halde på med.

TIVOLI
At tivoli er populært, det veit vi alle og også denne gongen var det mange ulike tilbod fordelt utover stort sett heile grusbana. No kan det kanskje vere delte meiningar om nettopp dette med tivoli, men at det skaper liv og røre, er det nok ingen tvil om.

UTEDANS
Det var gruppa "Yankee" som stod på scena under årets utedans og det gode veret var nok ein medverkande årsak til at det var godt med folk også på larurdagskvelden. Det vert meldt om at det var godt over 700 på plass.

UTEGRILL OG FRUKTSAL
Grillmaten under Stordalscup er viden kjend og sjølv om alt saman smakar fortreffeleg, er nok kanskje den grilla laksen den som trekkjer flest folk til det store grillteltet. I eige telt ved sida av, står smilande blide fotballjenter og fristar med nyoppskoren og deilig frukt.  

MANGE GODE TILBOD
Også i år var det tett i tett med salgsboder og standar, både inne i Stordalshallen og utanfor. I tillegg til dei mange som hadde noko å selje til cuppris, var også dei politiske partia på plass og også enkelte friviljuge organisasjonar. 

LOPPEMARKNAD
Etter tilbakemeldingane å dømme, var interessa for loppemarkedet større enn noko gong tidlegare. Kanskje ikkje så rart det, når heile grendasalen på nærare 200 kvadratmeter var stappfull med alle mulige slags spanande produkt og det til det ein så absolutt kan kalle "gje vekk - pris". Blant dei unike tilboda fann vi t.d. 3 + 2 salongar til ein verdi av nærare kr 20.000. På Stordalscup kunne ein sikre seg slikt for kr 500,-!  

SONGSTJERNER I AKSJON BÅDE PÅ UTESCENA OG PÅ SCENA I STORDALSHALLEN 
Vi har tidlegare skildra det flotte songseminaret i regi av Maria Holand Tøsse og Hildegunn Garseth Ulvestad. Heile 50 born og unge deltik og i løpet av cuphelga, fekk vi oppleve dei i aksjon både gruppevis og som soloartistar. Kjempeflott!

CUPLOTTERI
I samband med cupen, kunne ein som vanleg også sikre seg både hotellopphald og anna flott. Det store cup-lotteriet har hatt si trekning, og no kan du sjekke om du er blant dei hedige. Sjå oversikt i eigen pdf, nedst på sida. Det er ikkje småtteri av premiar det her er snakk om og arrangørane er sjølvsagt særs takksame for dei kjempeflotte premiane frå støttespelarar og sponsorar.

BARNAS CUPFREDAG
Stordalscup er ein folkefest som varer tre dagar til ende. Alt på fredagen var det mykje moro, med både karnevalstog, gratis is til borna, flott underhaldning frå utescena og eigen show-kamp ute på kunstgraset. Sjå bilder på Barnas kommune si facebookside

Sjå flott reportasje på NRK Møre og Romsdal si nettside

Sjå mange fleire bilder frå Stordalscup 2015, på Stordalscup si eiga facebookside

For alle resultat frå Stordalscup 2015, viser vi til resultatservice

Frode Færøy har laga ein flott film, som oppsummerer mykje av det som skjedde på og rundt stadion under Stordalscup 2015!

Mange fleire bilder frå Barnas cupfredag, finn du på facebooksida til Barnas kommune

Sjå ca 200 fleire bilder frå laurdagen, i eige galleri på Stordalshallen si facebookside

Sjå nærare 300 bilder frå søndagen, i eige galleri på Stordalshallen si facebookside

...og ikkje minst; ta gjerne eit tilbakeblikk på tidlegare reportasjar og tusenvis av bilder frå Stordalscup!

Det er verkeleg på sin plass å gratulere dei 250 friviljuge som stilte opp også denne gongen, med leiar i cupkomiteen Bjørg Jacobsen i spissen. Tilbakemeldingane vi får frå fjern og nær er som alltid like positive. Mange er mektig imponerte over alt ein får til i denne minste kommunen i Møre og Romsdal. 

Vi nyttar også høve til å rette ei stor takk til dei mange laga - og elles andre  som vitja Stordal denne helga, utan dykk hadde det sjølvsagt ikkje blitt særleg stas!

VELKOMEN ATTENDE TIL STORDALSUP 2016!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove