Strålande treningssamling for kretslaget og Storfjordlangrenn!

Treningssamling kretslag og Storfjordlangrenn mai 2018 - Klikk for stort bildeTreningssamling kretslag og Storfjordlangrenn mai 2018

Denne helga var det langrennsløparane som inntok Stordalshallen, når kretslaget saman med Storfjordlangrenn gjennomførte felles samling. Totalt var det nærare 30 løparar og fire instruktørar med. Når vi veit at også vergudane verkeleg spela på lag, er nok konklusjonen at dette vart ei ny strålande treningssamling her i Stordal.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 28.05.2018

Treningssamling kretslag og Storfjordlangrenn mai 2018 - Klikk for stort bildeTreningssamling kretslag og Storfjordlangrenn mai 2018 Treningssamling kretslag og Storfjordlangrenn mai 2018 - Klikk for stort bildeTreningssamling kretslag og Storfjordlangrenn mai 2018 Treningssamling kretslag og Storfjordlangrenn mai 2018 - Klikk for stort bildeTreningssamling kretslag og Storfjordlangrenn mai 2018 Treningssamling kretslag og Storfjordlangrenn mai 2018 - Klikk for stort bildeTreningssamling kretslag og Storfjordlangrenn mai 2018

Langrennsgruppa i Stordal IL har lange og gode tradisjonar når det gjeld å arrangere samlingar her, noko som er ei av mange årsaker til at det funkar så bra. Så har deltakarane det "som plommen i egget" når dei bur og oppheld seg ved Stordalshallen og i området rundt ligg Kirkebø Stadion med m.a. sitt tartandekke, og elles gode muligheiter for rulleski på lite trafikkerte vegar og sist men ikkje minst den unik naturen. Sjølv om deltakarane kanskje ikkje har tid til å stoppe opp og nyte denne, blir det iallefall ein liten pause når alle er komne i mål oppe på Mosætra på søndagen.  

Fredagen går som vanleg med til testløp på stadion, medan det er to økter både på laurdagen og søndagen, der den eine som nemnt går på rulleski og sjølvsagt er det også barmarkstrening.

Det sosiale er sjølvsagt veldig viktig på samlingar som dette og det meste ligg til rette for dette i Stordalshallen, der alt av måltid blir inntatt og der det vert lagt opp til ulike aktivitetar som quiz og anna kjekt. At ein også kunne få med seg Champions League - finale på storskjerm laurdagskvelden, gjorde sikkert heller ikkje noko.

Trenarar for kretslaget er Pål Bjørn Øvrebust og Jan Erik Westerås. I Storfjordlangrenn er det til denne sesongen ny trenar. Elite-langrennsutøver Mari Støen Gussiås er nemleg engasjert, og i tillegg er Lars Anders Hoel framleis med der.

Vi legg ikkje skjul på at vi synes det er stor stas at kretslaget og Storfjordlangrenn kjem att, år etter år og nyttar høve til å takke for besøket også denne gongen.

Sjå gjerne tidlegare reportasjar vi har laga om desse flotte samlingane.

Sjå ikkje minst også at langrennsgruppa hadde 10 årsjubileum for si flotte treningshelg, som dei inviterer til fast, kvar einaste haust.

Her er ein filmsnutt frå ei av øktene på rulleski denne helga.

Sjå også reportasjar på Møre og Romsdal Skikrets si nettside.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove