Stranda Blomster
Denne trivelege gjengen er klar til å ta imot deg
Stranda Blomster - butikken
Butikken bugnar av flotte interiørvarer
Stranda Blomster - roser
Ser ikkje denne flott ut?
Stranda Blomster - reklameskiltet
Dette skiltet vil bli lagt godt merke til i Stordalshallen

Stranda Blomster også på plass!

Vi har no gleda av å få presentere vår nyaste samarbeidspartnar, Stranda Blomster AS.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 09.04.2013

No er nok Stranda Blomster, og alt dei står for, godt kjent for dei fleste i vårt område, men likevel er det kjekt for oss å kunne skrive meir om dei når dei no vert ein av Stordalshallen sine over 90 samarbeidspartnarar.  

Stranda Blomster si flotte heimeside syner mykje meir av alt dei har å by på. Besøkjer du denne vil du også kunne finne inspirasjon til det høvet du måtte trenge blomster til. Om du ikkje var klar over det frå før, har også Stranda Blomster ein butikk full av flotte interiørvarer! Desse muligheitene bør du absolutt kjenne til!

Stranda Blomster har sjølvsagt også eiga flott facebook-side og der vil du kunne vere den første til å få med deg alt av spanande nyheiter i butikken. I tillegg vil du kunne sjå at dei dyktige medarbeidarane der, deltek i meisterskap t.d. knytta til blomsterdekorering og anna. Hugs å like sida deira då!

Eigen blogg har dei og!

Det er naturlegvis stas at Stranda Blomster kjem med på laget vårt og at vi på den måten også konstaterer at det er stadig like populært å ta del i Stordalshallen sitt profileringskonsept. Når enkelte verksemder går ut av samarbeidet og då oftast av naturlege årsaker (som t.d. at verksemder opphøyrer) står nye klare til å overta. Sidan sommaren 2009 har all ledig reklameplass på veggane i idrettshallen vår vore fullsett og då vert det berre slik.

Med dette ynskjer vi vår nyaste samarbeidspartnar, Stranda Blomster AS, velkomen med på laget!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove