Fotograf: Hallgeir Hove
Elevar og instruktørar klare for å teste ut klatreveggen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Friluftslivsgruppa ved Stranda vgs fotograf Hallgeir Hove

Stranda-elevar på besøk

Både i dag og og neste tysdag, er det friluftslivsgruppa ved Stranda vidaregåande skule som vitjar Stordalshallen. Det er klatring som står på programmet, men i tillegg vert det ymse andre aktivitetar i løpet av opphaldet.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 10.11.2015

Vi har tidlegare peika på at det er full rulle kvar einaste helg i Stordalshallen, der det eine besøket, avløyser det andre. I tillegg har vi dei mange flotte arrangementa som t.d. konserten til Stordal Hornmusikklag/Stordal Skulekorps sist helg.

Men tru ikkje at det berre er i helgane vi har besøkjande. Det er slett ikkje uvanleg at skuleklassar legg turen hit til oss og i dag var det ei gruppe med elevar frå Stranda vidaregåande skule som var på plass. Med som lærarar/instruktørar var Eivind Busengdal og Tove Lersveen og dei hadde med seg 17 spreke elevar frå friluftslivsgruppa.

Når klokka passerer 15.00 er det slik at gruppa gjer seg klare for å returnere tilbake til Stranda.

Du må gjerne lese meir om friluftslivsgruppa ved Stranda vidaregåande skule om du vil.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove