Strandaskinke kan berre lagast på Stranda!

Kan bare lages på Stranda - Klikk for stort bildeKan bare lages på Stranda

Er du ein av dei mange som har funne ut at den beste spekeskinka vert laga på Stranda og at den godaste Sigurd´n har heilt rett i at den skinka berre kan lagast der? Uansett har i alle fall vi det, og det blir nok ikkje konsumert mindre skinke frå Stranda etter dette!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 24.08.2018

Stranda - NM Gull 2018 til langtidsmodna skinke - Klikk for stort bildeStranda - NM Gull 2018 til langtidsmodna skinke Stranda - fenalår - Klikk for stort bildeStranda - fenalår Stranda - mør - Klikk for stort bildeStranda - mør Stranda - medaljar og diplomar - Klikk for stort bildeStranda - medaljar og diplomar Grilstad AS

Det er slik sett også ei stor ære for oss å inngå eit nærare samarbeid og med dette ynskje nok ei verksemd velkomen med på vinnarlaget vårt!  

For dei aller fleste er det slik at ein kan sette likheitsteikn mellom Stranda og spekemat. Her snakkar vi om rike tradisjonar langt tilbake og Stranda-merket, som såg dagens lys i 1973, er nettopp basert på desse tradisjonane. I dag er Stranda-merket ein del av Grilstadkonsernet og produkta er klare markedsleiarar i Norge på såvel spekeskinker, fenalår og mørpølser.

Ikkje rart det..

"På Stranda møtes mild og fuktig luft fra fjorden med vindene fra Sunnmørsalpene. Dette skapte gode forhold for speking av kjøtt, og allerede mot slutten av 1800-tallet ble det etablert håndtverksproduksjon av spekemat. I dag spekes produktene i moderne klimarom der den friske luften tas inn og styres på temperatur og fuktighet. Grunnlaget ble lagt ved å utnytte naturgitte forhold."
 
"Strandaskinke er Norges desidert mest solgte spekeskinke. Posisjonen er vunnet uten store markedskampanjer, men gjennom å holde god og stabil kvalitet. Strandaskinke har lojale brukere, og flere og flere finner nye bruksområder for Strandaskinke."  Les gjerne heile historia om Strandaskinka

 

Kanskje ikkje så rart då at nettopp Stranda gjekk heilt til topps i NM, no i 2018. Stranda si langtidsmodna spekeskinke vart nemleg kåra til Norges beste og dermed GULL i NM i kjøtprodukt, for kompromisslaust fokus på kvalitet. 

På heimesida til Stranda finn du også mange nyttige tips til velsmakande rettar, m.a. ein eigen filmsnutt: "Tapas med en norsk vri" og ikkje minst kan du høyre Sigurd´n fortelje deg kvifor du nettopp bør velje skinke frå Stranda!

Du finn mykje meir info også på facebook og på kort tid er det snart 50 000 som har funne ut at det kan vere lurt å halde seg oppdatert også der.

Stranda kan du også fylje på instagram.

 

Med dette ynsker vi velkomen med på vinnarlaget og ser fram til eit nært og godt samarbeid framover!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove