Fotograf: Hallgeir Hove
Super gjeng som såg ut til å ha det veldig kjekt i lag. Flinke å spele var dei og! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Mange imponerte stort også i klatreveggen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
To på veg mot toppen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Stas å få prøve ut skytebana fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Mykje god skyting var det og! fotograf Hallgeir Hove

Straumshorn juniorkorps og Velledalen skulekorps på besøk

Denne helga var det ein kjekk gjeng med musikantar frå Velledalen som besøkte oss og tilbakemeldinga var klar og eintydig; dei legg veldig gjerne opp til fleire øvingshelgar her!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 11.04.2016

No var ikkje dette den største gruppa vi har hatt besøk av akkurat, men kva gjer vel det så lenge også denne gjengen såg ut til å trivast skikkeleg godt. Det vart peika på at Stordalshallen var ideell til føremålet, også pga at alt låg så samla og sjølvsagt at ein kunne kombinere all spelinga med ei rad aktivitetar i idrettshallen.

Laurdag vart det i tillegg køyrt ei fin økt, der instruksjon i klatring og skyting var hovudingrediens. Frå skyttarlaget stilte Harry Tøsse og Lars Johan Nygård opp og i klatreveggen var Eli Søvik, Kjell Mulelid og Olivia Hove Busengdal på plass. Dermed fekk gruppa, som var inndelt i tre, verkeleg testa ut. Og kjekt var det, både for deltakarane og oss andre. Stor takk til instruktørane for innsatsen!

Ei slik helg er det sjølvsagt ein heil del mat som går med og dei vaksne kokkelerte på mesterleg vis på kjøkkenet. På fredagskvelden derimot, nytta også denne gruppa seg av det flotte tilbodet frå Joker Stordal, der dei leverer nysteikt pizza på døra!

Sjølvsagt vart det mykje øving på dei unge musikantane og det er ingen tvil om at dei kunne sine saker. Laurdagen var det fokus på gruppeøvingar, medan søndagen var lagt opp til fellesøving i grendasalen.

Vi takkar for besøket for denne gong og ynskjer den kjekke gjengen frå Straumshorn juniorkorps og Velledalen skulekorps velkomen tilbake!

Sjå fleire bilder frå øvinghelga på Stordalshallen si facebookside 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove