Fotograf: Hallgeir Hove
Big Valley Voices med konsertpremiere 15. januar 2015 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Maria mottek vel fortjent blomsterhelsing og klem frå kordamene fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Stinn brakke i grendasalen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Det var sjølvsagt ikkje noko å utsetje på kakene som vart serverte fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Maria Holand Tøsse og dei 20 kordamene kan verkeleg seie seg nøgde, både med innsatsen og det dei har fått til, i løpet av desse få månadane fotograf Hallgeir Hove

Suksess for Big Valley Voices!

Torsdag 15. januar var det klart for konsertpremiere for det nye damekoret vårt. Konklusjonen i etterkant, var at damene verkeleg innfridde og publikumsframmøtet var også særs godt. Dei 20 kordamene, saman med leiaren Maria Holand Tøsse, fekk kjempeflott respons frå publikum og lovorda har vore mange både i lokalavisene og elles.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 28.01.2015

Heile 175 var på plass i grendasalen denne kvelden, noko som tilseier at det er stor interesse for desse kordamene. Når vi i tillegg veit at det mellom anna også var skirenn på Stavsengfjellet samstundes, vert dette ekstra imponerande. (det er nemleg ikkje få som stiller opp også på dei arrangementa)

Midtvegs i konserten var det tid for å få i seg godkaker og kaffe og salet gjekk strykande med lange køar av kaffetørste publikummarar. Om damene hadde sunge flott før pausen, let det endå betre etterpå. Eigentleg ikkje så unaturleg det kanskje, med tanke på at dette - for mange av damene - var første gongen dei stod på ei scene og song. Ikkje minst med tanke på nettopp det, og det at dei har helde på såpass kort tid, er det ganske enkelt imponerande alt dei har fått øvd inn av songar og i tillegg, måten dei framførte dei på. 

At publikum er klare for meir, er det ingen tvil om. Med ei slik vellukka premiere, er det grunn til å håpe at damene vil satse på nye konsertar i tida framover. Mykje tyder på det. Det er elles liten tvil i at damene likar seg særs godt saman og at dei har det rett så kjekt på øvingane. Det meste skulle difor ligge til rette for at vi kan håpe på meir.

Vi gratulerer koret med den særs flotte konserten og gler oss til fortsettelsen!  

Les gjerne meir om Big Valley Voices, i våre tidlegare reportasjar

Storfjordnytt har også laga reportasje om dei flinke kordamene

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove