Fotograf: Hallgeir Hove
Heile den flotte gjengen samla i Stordalshallen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
To av gruppene får instruksjon av Jostein Myrvang og Lars Johan Nygård fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Anna M D Moe og Kjell Mulelid, i tillegg til ein av lærarane, bidrog til at tre og tre kunne klater om gongen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Ein heilt ny ballspelaktivitet vart også introdusert på fredagen. I bakgrunnen ser ein fjellet som var mål for turen elevane gjekk fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Quiz med spørsmål som omhandla både Stordal og Sula kommune, høyrer sjølvsagt med fotograf Hallgeir Hove

Sula Ungdomsskule med innhaldsrik ekskursjon!

Sist torsdag fekk Stordalshallen besøk av om lag 120 10. klasse-elevar og lærarar, frå Sula Ungdomsskule. Det to dagar lange opphaldet vart både innhaldsrikt og flott. Det var m.a. lagt opp til ei rad ulike aktivitetar i Stordalshallen og ved Kirkebø Stadion og i tillegg stod topptur til Varden, på programmet. Flott guiding i Rosekyrkja vart det også tid til. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 04.09.2014

I og med at Sula Ungdomsskule er så stor, vart det sjølvsagt folksamt i Stordalshallen, når alle 10. klassene la opp til å reise på tur saman. Men sjølv med om lag 120 elevar og lærarar på plass, såg dette ut til å gå relativt greit. Tribuna i Stordalshallen vart nytta til oppbevaring av all baggasjen og etter at alle hadde fått plassert frå seg denne, vart det gitt litt felles info i grendasalen. Der måtte vi sjølvsagt også vise dei den kjekke filmen som syner korleis vi har det her i Stordal!

Etter orienteringa i grendasalen var det så klart for aktivitet. Den store gruppa med elevar var delt opp slik at om lag halvparten av dei la i veg på fjelltur på torsdagen, medan resten var med på aktivitetsopplegg i Stordalshallen og på stadion. Dagen etter vart tilsvarande opplegg køyrd, slik at alle fekk med seg begge deler.

I klatreveggen var Kjell Mulelid, Anna Margrethe Drægebø Moe og Hallgeir Hove på plass på torsdagen, slik at alle fekk prøve seg i denne. På fredagen var Kjell og Anna Margrethe, imponerande nok, på plass igjen og då var også ein av lærarane med og sikra der.

På skytebana stilte Lars Johan Nygård og Jostein Myrvang opp, også det begge dagane! Det var liten tvil i at både klatringa og skytinga verkeleg var populært å vere med på.

For at alle skulle få høve til å prøve seg både på skytebana og i klatreveggen, vart det ei relativt langt økt på instruktørane denne gongen og det er på sin plass å rette ei stor takk til dei.

I tillegg til desse instruksjonsopplegga, vart det køyrd konkurranse gruppene imellom, i minigolf, presisjonskast og quiz. (skytinga inngjekk også)

I og med at det var eit slikt strålande ver, vart fleire av aktivitetane som vart køyrd inne på torsdagen, flytta utandørs. Smart! På torsdagskvelden var alle samla og då vart det mellom anna grilla pølser i fineveret. Som flott avrunding på opphaldet vart det lagt opp til guiding i Rosekyrkja. Der var Kristian Almås på plass og få eller ingen kan vel eigentleg meir om denne praktfulle kyrkja, enn nettopp han.

Sjølv om fleire kanskje opplevde at fjellturen til Varden vart utfordrande nok (det er bra stigning dit), sit vi att med eit inntrykk av at alle hadde hatt eit kjekt opphald her i Stordal. 

Vi nyttar høve til å takke dei alle saman, for at dei valgte å legge opp til besøk her og ynskjer dei lukke til med det viktige skuleåret dei no har teke til på!  

For mange fleire bilder frå besøket, viser vi til eige galleri på Stordalshallen si facebookside. (vi takkar også for bilder vi har fått tilsendt frå Per Magne M Juliebø, som viser kor flott dei hadde det på fjelltur til Varden)



   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove