Fotograf: Hallgeir Hove
Suveren gjeng frå ATEA i Kristiansund, Fosnavåg og Ålesund! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Den var mange særs dyktige klatrarar i denne gruppa fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Minigolf inngjekk også i gruppekonkurransen og her var det full konsentrasjon fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Ei av gruppene ferdig med si skyting og viser stolt fram resultatet sitt i lag med Lars Johan Nygård frå Stordal Skyttarlag fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
I tillegg til presisjonskasting, minigolf og skyting, inngjekk også eigen quiz i gruppekonkurransen fotograf Hallgeir Hove

Super blåtur for tilsette hjå ATEA!

Fredag ettermiddag hadde Stordalshallen besøk av ein suveren gjeng med tilsette frå verksemda ATEA. Dei kom både frå Kristiansund, Fosnavåg og Ålesund - var ganske nøyaktig 40 stk - og dei såg verkeleg ut til å ha det kjekt saman!  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 24.11.2015

Ikkje lenge etter at Ålesund vgs hadde reist heim etter tre flotte dagar i Stordal, var ein ny super gjeng på plass. Denne gongen var det tilsette hjå verksemda ATEA som hadde lagt turen til Stordalshallen. Opplegget dei fekk vere med på, inngjekk som ein del av blåturen dei hadde lagt opp til. I løpet av ei økt på 2 timar, frå kl 1400 til kl 1600, fekk dei prøve seg i klatreveggen, på skytebana og vere med på anna kjekt. Det var også lagt opp til gruppekonkurranse, der det var ein eigen quiz, presisjonskasting og minigolf med, i tillegg til at skytinga sjølvsagt inngjekk i denne.

Sjeldan eller aldri, har dette opplegget fungert bedre enn denne gongen og det skal deltakarane ha hovudæra for. Ein super gjeng, som fungerte veldig flott saman. Det må då vere eit eieneståande godt miljø innad i denne verksemda! Flott innsats av Anna Margrethe Drægebøe Moe og Kjell Mulelid i klatreveggen og i tillegg var Lars Johan Nygård på plass att på skytebana, etter at han og Jostein Myrvang hadde instruert der også på onsdagskvelden. Når opplegget fungerer så bra som det gjorde med denne gjengen, er det sjølvsagt ekstra stas!

Tilbakemeldingane tyder på at dei hadde det suverent under opphaldet i Stordal. Etter at dei var ferdige med aktivitetane i Stordalshallen, gjekk turen vidare til Kristin og Peder ved Blåtind, og då veit alle at dette vart ein innertiar av ein kveld!

For endå fleire bilder frå det kjekke besøket, viser vi til eige galleri på Stordalshallen si faceook-side.

Om du har lyst til å besøkje den flotte heimesida til ATEA, så gjer gjerne det.

Takk for besøket, alle som ein!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove