Fotograf: Hallgeir Hove
Mykje folk på plass ved Stordal Bygdetun fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Ordførar Charles Tøsse med flott tale for dagen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Sekkeløp, ein av mange kjekke leikar ved Kirkebø stadion fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Leikarringen i aksjon på scena under kulturkvelden i Stordalshallen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Jentene i Charis imponerer stadig meir. fotograf Hallgeir Hove

Super feiring!

Det vart ei super feiring av nasjonaldagen vår, både i Stordal og på Dyrkorn. Det vart nok også rekord igjen, i høve til deltaking. Ikkje minst det at det var konfirmasjon i Stordal pinsehelga, hadde nok innverknad på det.  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 22.05.2013

På Dyrkorn var det tradisjonen tru, middagsservering og kakesal på grendahuset. Dette starta kl 12.00. Kl 14.15 var det så klart for tog, med ordføraren i front, frå Gamleskulen og ned til Bakkeplassen. Stordal Hornmusikklag, saman med nokre frå Stordal Skulekorps spelte. Feiringa held fram i Gamleskulen, med tradisjonelle leikar for barna utandørs (sjølvsagt med premiering til alle barna!). For dei litt større var det lagt opp til quiz og loddsal.

Rekordlangt tog. I Stordal var det, tradisjonen tru, oppstilling i sentrum kl 10.30. Det var eit staseleg tog med flaggberarar og ordførar i spissen. Nøyaktig kl 10.45 var det salutt og det var verkeleg kraftfulle smell, Kjell Magne Moe hadde å by på også denne gongen. Våre dugnade musikantar i hornmusikken og skulekorpset, akkompagnert av hurra-rop frå små og store, gjorde sitt til at dette vart eit verkeleg stasleg tog. I og med den påfyljande pinsehelga, der det også var mange som feira konfirmasjon, var det også særs mange langvegsfarande gjestar med denne gongen. Verkeleg kjekt!

Ved Stordalstunet var det som vanleg stopp for å gjere ekstra stas på dei som bur der. Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps spela og det er ikkje til å legge skjul på at nettopp stoppen ved Stordalstunet er noko av det som gjer feiringa i Stordal så flott. Det er fint å kunne heidre ein del av dei mange som har bidratt til å forme stordalssamfunnet til det det er i dag, på ein slik måte. Verkeleg flott!

Ved bygdetunet stod 8. klassingane klar med sal av is, brus, kaker og kaffe. I den sterke varmen, gjekk naturlegvis salet strykande og innimellom all is-etinga, kunne borna springe rundt og leike på det fine grøne graset mellom dei staslege bygningane. Det var Oddrun Aunet Innselset, frå arrangørane Øvrebust, som ynskte velkomen til feiringa utanfor Løsetstova. Ho ga ordet til ordførar Charles Tøsse. I sin gode tale for dagen kom han først inn på historikken frå tida rundt 1814 og bakgrunnen for at vi fekk eiga Grunnlov. Vidare slo han m.a. fast at vi har særs mykje å vere stolte av i vår kommune, ikkje minst takka vere den enorme innsatsen som vert lagt ned av så mange. Det gode samhaldet og den sterke dugnadsånda er noko som kjenneteiknar kommunen vår. Ordføraren kom også inn på at det er viktig å ikkje ta for gitt, all den velstanden, valfridomen og harmonien som pregar vår del av verda og at vi kanskje bør bli flinkare til å sette pris på dette. Han peika også på at det er naudsynt å ha fokus på dei rette verdiane, der ikkje minst dette med toleranse for nytt kulturtilfang frå verda kring oss, er viktig. For å illustrere, siterte han politikaren og samfunnsdebatanten Ivar Mork. Han har peika på at det handlar om røter og venger slik: ”Me treng å sette røter, og me treng å gro venger.
Om me verdsetjer vårt eige, kan me møte ”det framande” med nyfikne og eit vidope sinn. Då kan me leve rikare liv med fleire fargar, lukter, lydar og smakar. Framtida er uansett ikkje eit tusenårsrike utan konflikt og friksjon, men nyfikne og toleranse for nytt kulturtilfang frå verda omkring oss, vil lyfte oss på breide venger til nye høgder som nasjon, slik det før har gjort opp gjennom soga. Me må vere både sanne norske og sanne verdsborgarar.”

Oddrun Aunet Innselset overrekte ordføraren velfortente blomster og takk for flott tale.

Stordal Hornmusikklag og Stordal Skulekorps spela sjølvsagt og som vanleg avslutta dei med Stordalssongen. Oddrun nytta til sist høve til å takke for frammøtet og orienterte dei mange frammøtte om alt det som skulle skje vidare utover.

Denne gongen kunne dessverre ikkje Tonika stille opp, og det er ikkje til å legge skjul på at vi sakna den vakre songen frå dei, både ved Stordalstunet og ved Stordal Bygdetun. Det er å håpe at det er fleire der ute som har lyst til å synge i kor, slik at koret vil vere på plass att til neste års feiring (og sjølvsagt i fleire andre samanhengar før den tid)



Programmet vidare. Kl 1300 var det tid for gudsteneste i Stordal kyrkje og kl 1500 starta del 2 av det som arrangørane Øvrebust hadde hovudansvaret for. Då samla folket seg i Stordalshallen der det var flott pynta til feiring og med eit kakebord av ypperste merke. Det er alltid like flott å få med seg dei mange 17. mai-teikningane, elevane ved Stordal skule lagar. Desse pryda denne gongen vindauga på nyskulen og i symjehallen.

Det gode veret gjorde det heilt naturleg å køyre dei mange kjekke leikane arrangørane hadde stelt i stand, nede på stadion og i området rundt. Liten tvil om at det var stor stas å vere med på desse og godt var det sikkert for mange innimellom å kunne trekke innomhus til kaffe og kaker og kanskje rett og slett for å få kjølt seg ned litt.  

Kulturkvelden, der Stordal Ungdomsklubb var arrangør, starta opp kl 1700. Her var det, til liks med i fjor, Joakim Helgesen og Jarl Anders Hjelle, som var programleiarar. Dei to karane har verkeleg evna til å få publikum til å hygge seg og med alt det flotte vi fekk oppleve frå scena, vart det akkurat eit så bra show som dei hadde lova oss! Joakim og Jarl Anders er to gode dømer på dei mange positive unge som veks fram, som absolutt ikkje kviar seg på å stå på ei scene. Vi hugsar dei m.a. også frå den storslagne ungdomsmusikalen We Will Rock You, i fjor. At det er fleire unge som imponerer på på scena fekk vi stadfesta i tur og orden også under denne kulturkvelden.

Som vanleg var Stordal Barnekor først ute og det med stilig innmarsj og med ein kvalitet på det som vert framført på scena som er ganske enkelt eineståande. Når ein i tillegg tenkjer på kor unge mange av desse er, er dette naturlegvis ekstra stort. Ragnhild Fauske, som saman med Kirsti Almås er den som står bak dei faste øvingane med koret, var som vanleg også på plass og akkopagnerte på piano.    

Dei fem jentene i koret Charis, imponerte også stort med songen sin. Dei starta i barnekoret i treårs alderen og i løpet av dei 11-12 åra som er gått sidan den gong, har dei verkeleg utvikla seg. Desse jentene har imponert oss med songen sin, både som kor og enkeltvis, i mange år no og vi vert ikkje forundra om dei står på scena i endå større samanhengar i åra framover.

To andre dugande jenter vi fekk oppleve denne kvelden, var Yoon Young Chang og Amalie Jacobsen Dyrkorn. Joakim Helgesen akkopagnerte Yoon på gitar. Kjempeflott! 

Jarle Helgesen, Asle Olsen, Riemo Eisma og Frank Iversen er G4. Programleiarane introduserte dei som Stordal sitt eige boyband, sjølv om det ikkje akkurat er den type musikk dei spelar. Vi fekk m.a. høyre dei framføre Eagels sin "Desperado" og fleire hittar frå 80 -talet. Sjølv om det ikkje ofte dei får tid til å øve saman og at det ikkje er musikken som er levevegen for nokon av dei, er det liten tvil i at dei kan sine saker. Flott var det å få høyre desse fire gitarkameratane også denne gongen. Jarle Helgesen var i tillegg mannen bak lyd og lys også denne gongen og når han sjølv stod på scena, fekk han hjelp av Robert Iversen til å styre knappane på miksebordet.

På kulturkvelden for eit år sidan fekk vi for fyrste gong oppleve borna i leikarringen på scena. No var dei på plass att med nye flotte dansetrinn og hausta naturleg nok stor applaus frå salen. Arna Øvrebust introduserte dei og kunne m.a. fortelje at dei har øvd fast ein kveld i veka og sjølv om dei ikkje er mange, så har dei det skikkeleg kjekt. Dette vil vi gjerne ha meire av!

Loddsal høyrer sjølvsagt med på desse kulturkveldande, der inntektene går til Stordal Ungdomsklubb og der lokale verksemder som vanleg er svære å gje gåver til lotteriet. Med så flinke programleiarar, vert sjølv ei slik loddtrekning ei artig oppleving og etter at alle dei heldige vinnarane hadde fått henta gevinstane sine, nytta Joakim og Jarl Anders høve til å takke alle som hadde vore med og gjort dette til ein ny flott kulturkveld spesielt og ei super nasjonaldagsfeiring generelt. 

Vi sluttar oss til dette, der vi nok ein gong kan sjå attende på ei super feiring av dagen.

Hurra for den 17. mai! 

Så mange fleire bilder i eige galleri på Barnas kommune si facebookside

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove