Fotograf: Hallgeir Hove
Toget i Stordal er eit vakkert skue. Ordførar Eva Hove i front og med supre musikantar frå Stordal skulekorps og Stordal hornmusiklag like bak fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Bjørnar Midtbust
Staseleg tog på Dyrkorn og ei utsikt knapt nokon andre kan vise til fotograf Bjørnar Midtbust
Fotograf: Hallgeir Hove
Torill Hove Busengdal og Claus Hoff gjorde ein flott innsats ved bygdetunet, som hhv programleiar og talar for dagen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Utover dagen vart det såpass fint at det vart rett så triveleg på stadion. Arrangørane hadde mange kjekke leikar på lur fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Stordal Branekor, under leiing av Ragnhild Fauske, høyrer alltid med. Her frå kulturkvelden i Stordalshallen fotograf Hallgeir Hove

Super feiring!

Sjølv om det ikkje akkurat var varmt i veret på nasjonaldagen vår, vart det ei vellukka og innhaldsrik feiring i Stordal kommune også denne gongen.  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 18.05.2016

Både på Dyrkorn og i Stordal fylde ein same mal som tidlegare år og då skjønar ein at dette vart bra.  

På Dyrkon var det Dyrkorn vel, som tok hand om gjennomføringa og det vert - som vanleg - meldt om ei staseleg pynta bygd, god mat, kjekke leikar, eigen quiz og andre konkurransar. På menyen i år, stod det brennsnut og den smaka fortreffeleg. Få, eller ingen, kan elles vise til eit 17. mai-tog der utsikta er så flott, som nettopp på Dyrkorn. Det er elles ein fast og flott tradisjon at både korps og ordførar er på plass også i toget der. Både i toget og elles, var oppslutninga særs god.

Også Stordal var pynta til fest og det var liten tvil om at arrangørane frå Vinjehjellane hadde gjort seg flid. Det var også sett ut ekstra mange stolar og benkar rundt om, slik at alle som hadde behov for det, fekk høve til å sette seg nedpå.

Tradisjonen tru stod Kjell Magne Moe for saluttane og så var det klart for avmarsj frå Stordal sentrum. Det har også blitt ein tradisjon at Charles Tøsse går fremst i toget i Stordal, etter heile tre periodar som ordførar! Men etter valet, sist haust, var det Eva Hove som overtok som ordførar og ho tok oss med til bygdetunet, men sjølvsagt med den faste stoppen ved Stordalstunet først.

Ved Stordalstunet song barnekoret til bebuarane og korpsa framførte Ja, vi elsker og Stordalssongen. Vel framme ved bygdetunet stod elevane i 8. klasse klare med sal av is og brus, kaker og kaffe. Torill Hove Busengdal hadde teke på seg oppdraget med å vere programleiar og etter å ha gratulert alle med dagen og ynskt velkomen på meisterleg vis, kunne ho også introdusere talaren for dagen, Claus Hoff. Claus er, som kjent for dei fleste, kommunestyrerepresentant i Stordal kommune og jobbar til dagleg hjå møbelverksemda Sitwell. Vi kjenner også Claus frå ei rad opptredenar på scena og dei siste åra også som programleiar/konferansier. I går fekk han også vist at han meistra det å halde tale for dagen, på utmerka måte.

Skulekorpset og hornmusikken spela for oss også ved bygdetunet og dei begge fekk vel fortjent ros av programleiaren, som også minna oss alle på kor heldige vi er som har dei. Det vanka naturlegvis vakre blomar til talar Claus og så passa Torill på å minne om gudstenesta i Rosekyrkja og det som skulle skje på stadion og i Stordalshallen, seinare på den store dagen.

Kl 1500 var det så klart for leikar på stadion og i tillegg var det kafe i Stordalshallen for dei som ville nyte kaker og kaffe der. Arrangørane hadde mange kjekke leikar, ikkje minst svampekasting, som verkeleg såg ut til å felle i smak. I vindauga på skulen, var det som vanleg hengt opp flotte teikningar laga av elevane der.

KULTURKVELD
Stordal ungdomsklubb overtok så stafettpinnen kl 17.00 og arrangerte kulturkveld i Stordalshallen. Det vart veldig triveleg, ikkje minst fordi det var mykje folk på plass, men også fordi vi fekk oppleve så mykje flott frå scena, der det også er på sin plass å trekkje fram at lydmann Lasse Døving gjorde solid jobb som vanleg. Karita Tronstad og Fien van Zwieten var kveldens programleiarar, noko dei mestra fint. Vi fekk også på ny, eit bevis på kor mange dyktige barn og unge vi har her i Stordal kommune, anten dei no spelar piano, som Sinne Eisma og Josef Nedregård, syng som Herdis Kamp, eller dei spelar tverrfløyte som Hanna Øie. Stor stas er det også alltid å få oppleve Stordal barnering i aksjon på scena og Stordal Barnekor høyrer alltid med på kveldar som dette. Dei eldste blant desse korjentene til Ragnhild Fauske, nemleg Aletheia og Charis, framførte også to songar på vakkert vis. Ei verdig avslutning på både kvelden og dagen, sett under eitt, var det også når Kristine Ulvestad og Maciek Kaniecki framførte Ja, vi elsker frå scena i ein fullsett idrettshall.

Også oppryddinga i etterkant, gjekk veldig bra, med god oppslutning frå elevane og foreldre/føresette til dei på ungdomsskulen.

Sjå eige bildegalleri frå den offisielle delen av programmet i Stordal

Sjå eige bildegalleri frå kulturkvelden i Stordalshallen

Då står det att å takke alle dei som hadde stelt i stand slike flotte arrangement både på Dyrkorn (Dyrkorn Vel) og i Stordal (Vinjehjellane og Stordal ungdomsklubb) og nok ein gong ei ekstra stor takk til korpsa våre!  

Ja, eigentleg stor takk til alle, som kvar på sitt vi var med på å gjere dette til ein slik flott dag!


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove