Super gjeng på besøk!

CP-foreningen i Møre og Romsdal - ein super gjeng!  - Klikk for stort bildeCP-foreningen i Møre og Romsdal - ein super gjeng! Hallgeir Hove

Laurdag 16. september var ei gruppe på nærare 30 gjestar frå CP-foreninga i Møre og Romsdal på plass i Stordalshallen og det er liten tvil om at det vart veldig kjekt, både for oss som tok imot og for deltakarane. Besøket var ein del av programmet for den særs vellukka helgaturen deira til Blåtind i Stordal.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 18.09.2017

CP-foreningen i Møre og Romsdal - rett og slett imponerande klatring!  - Klikk for stort bildeCP-foreningen i Møre og Romsdal - rett og slett imponerande klatring! Hallgeir Hove CP-foreningen i Møre og Romsdal - "fallskjermen" var kjekk å prøve - Klikk for stort bildeCP-foreningen i Møre og Romsdal - "fallskjermen" var kjekk å prøve CP-foreningen i Møre og Romsdal - mykje kjekt å finne på oppå teamtrack´n - Klikk for stort bildeCP-foreningen i Møre og Romsdal - mykje kjekt å finne på oppå teamtrack´n Hallgeir Hove CP-foreningen i Møre og Romsdal - Lars Johan og Roar instruerer på skytebana - Klikk for stort bildeCP-foreningen i Møre og Romsdal - Lars Johan og Roar instruerer på skytebana Hallgeir Hove

Hovudingrediensen for økta i Stordalshallen, var klatring og skyting, men i tillegg var det lagt til rette for fleire andre kjekke aktivitetar. På skytebana var Lars Johan Nygård og Roar Søvik, og på plass og i klatreveggen var Eli Søvik og Kjell Mulelid. Instruktørane hausta - ikkje uventa - mange lovord for innsatsen sin, både undervegs og i etterkant av dagen.

Deltakarane såg ut til å ha det veldig kjekt og imponerte både i klatreveggen og på skytebana. Den 15 meter lange team-track´n vart også flittig brukt og elles var det slalomkøyring ute på parketten, det var minigolf, det var balleik, "fallskjerm", bordtennis og anna kjekt. På kjøkkenet vart det steikt vaffler "for harde livet" og etter dei to timane med aktivitet smakte det naturlegvis fortreffeleg med ein vaffelpause i grendasalen. 

Etter pausen var det utdeling av t-skjorter og "buffar" til alle og så var det klart for å få høyre meir om frivilligheita i Stordal kommune. Det var leiaren for frivilligsentralen, Bjørg Jacobsen, som stod for den presentasjonen (m.a. ved hjelp av storskjerm i grendasalen) Instruktørane - som har stilt opp for Stordalshallen og dei tusenvis av besøkjande her hjå oss, i løpet av desse 20 åra - er i aller høgste grad gode dømer på nettopp denne imponerande frivilligheita!

På søndagen tok Frode Dyrkorn, som var hovudansvarleg for opplegget denne helga, deltakarane med ut på tur i den flotte naturen i området rundt Blåtind. Opphaldet hjå Kristin og Peder Vikenes, fekk forståeleg nok terningkast seks! Fortreffeleg mat, vakre lokalitetar og eit suverent vertskap, var noko av innhaldet i tilbakemeldingane.

For oss ved Stordalshallen var det ei stor glede å ha denne supre gjengen på besøk og det gleda oss stort å registrere kor kjekt dei såg ut til å ha det. Etter det vi forstår kan det bli snakk om fleire turar til Stordal og for oss vil det naturlevis vere ei ære å kunne få ta imot dei på ny.

For mange kjekke bilder frå det supre besøket, viser vi til eige galleri på Stordalshallen si facebookside

CP-foreningen i Møre og Romsdal har også eiga facebookside

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove