Super juleavslutning, som vanleg!

Juleavslutning 2017 - Klikk for stort bildeJuleavslutning 2017 Hallgeir Hove

Det knyter seg høge forventningar til Stordal skule sine juleavslutningar. Når det meste av stolar i Stordalshallen er fullsett, nær ein time før det heile startar, viser det kor populære desse arrangementa er. Og skulen leverte, nok ein gong!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 21.12.2017

Juleavslutning 2017 - Klikk for stort bildeJuleavslutning 2017 Hallgeir Hove Juleavslutning 2017 - Klikk for stort bildeJuleavslutning 2017 Hallgeir Hove Juleavslutning 2017 - Klikk for stort bildeJuleavslutning 2017 Hallgeir Hove Juleavslutning 2017 - Klikk for stort bildeJuleavslutning 2017 Hallgeir Hove

Hovudoppsettinga denne gongen, var "Snødronninga", av HC Andersen og vi fekk oppleve skodelspelarkunst av høgt merke og kulissar og kostymar som verkeleg stod i stil. Spektakulære svev på trampolina vart også fletta inn. Fantastisk flott, enkelt og greitt!

Flott var det også å få oppleve småsteget og mellomsteget på scena. Her var det, i tillegg til vakker song, også dramatiseringar av imponerande høg kvalitet. 

Vi gratulerer både små og store ved Stordal skule. Dette var fantastisk flott!

Om du vil kan du også sjå vår førehandsreportasje, med omfattande tilbakeblikk

Vi har laga til eit galleri frå juleavslutninga og dette finn du på Stordalshallen si eiga facebookside

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove