Fotograf: Hallgeir Hove
For ein flott trio! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Den eine flotte pop-låta, etter den andre fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Mykje humor høyrer med, når Hildegunn, Maria og Iris står på scena fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
I pausen kunne publikum nyte eit stykke godkake, eller tre fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Det hadde ikkje vore plass til så mange fleire i grendasalen denne kvelden! fotograf Hallgeir Hove

Super konsert med gruppa SANS!

Gruppa SANS kan sjå attende på ein særs vellukka påsketurné, der heile 500 deltok samla sett. Søndag den 13. april var turen komen til oss her i Stordal og publikum svikta sjølvsagt ikkje. Om lag 170 var på plass i Stordalshallen og for ein flott konsert det vart! 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 23.04.2014

I tillegg til konserten i grendasalen (Stordalshallen) palmesøndag, hadde gruppa også vitja Hjørungavåg, Langevåg og Ørskog og det var ikkje vanskeleg å sjå at dei var strålande tilfredse med den gode oppslutninga og responsen dei hadde fått. Tilfreds var også publikum i Stordalshallen og SANS slapp sjølvsagt ikkje unna, utan også å gje oss eit ekstranummer etter den ståande trampeklappen.

I tillegg til at Maria, Iris og Hildegunn, har spela saman i ni år no, gir dei alt på scena og er særs flinke til å få kontakt med publikum. Det er nok noko av forklaringa bak suksessen. I grendasalen vart det verkeleg intimt og flott og med innlagt pause der publikum kunne meske seg med godkaker og anna, kunne ikkje dette blitt betre. Gitarist Georgie Paskalev var også suveren, og bydde også på den eine gitarsoloen, etter den andre.

Dei unge damene hadde også eit bra støtteapparat med seg i form av familie og venner og konseptet såg ut til å fungere særs bra.

No er det slik at medlemmane i gruppa, for tida, er noko spreidd geografisk og dei har også mange andre jern i elden, men vi håper likevel at det kan bli fleire nye konsertar av dette slaget også ved seinare høve.

Rett og slett supert var det!   

For fleire bilder frå konserten, viser vi til eige galleri på Stordalshallen si facebookside

Les meir også på SANS si eiga facebookside 

Ikkje minst viser vi også til flott reportasje på Storfjordnytt si heimeside!

Sjå også vår førehandsreportasje for endå meir.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove