Fotograf: Hallgeir Hove
Taekwon-do er verkeleg kjekt! Det var også denne gjengen 100% enig i! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Denne gjengen gler vi oss til å få oppleve på scena under Barnas cupfredag! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Holmlia frå Oslo er eitt av dei 91 laga som alt er klare for Stordalscup 2013! fotograf Hallgeir Hove

Super start!

I går kveld starta Barnas Supersommar opp, med både songseminar og med taekwon-do på programmet. Ikkje vanskeleg å sjå at begge deler fell i smak. I kveld held vi fram med minidisko på ungdomsklubben. Elles registrerer vi at det på det næraste er fullteikna når det gjeld deltakande lag på Stordalscup! Heile 91 lag er påmeldt no!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 20.06.2013

Barnas Supersommar vart bokstavleg talt sparka i gong i går kveld, då 16 born frå 1. - 4. klasse fekk vere med på ei gjevande økt med tae kwon do i Stordalshallen. Det var Ronny Eidsvik som var hovudinstruktør. På onsdagskvelden er det klart for andre del med taekwon-do, då går tilbodet til dei frå 5. klasse og oppover.

Ved Stordal ungdomsklubb/Stordal frivilligsentral var Maria Holand Tøsse i sving og oppslutninga der var sjølvsagt også særs god. I år har ho songseminar for både dei som ynskjer delta på fellessong og dei som ynskjer synge solo. I går kveld var det fellessong på programmet og nærare 30 barn var på plass. På onsdag er det klart for solosong for dei frå 5. klasse og oppover.

Du finn fleire bilder frå songseminaret i eige galleri på Barnas kommune si facebookside

Fleire bilder frå tae kwon do - opplegget finn du i eige galleri på Stordalshallen si facebookside

Super start med andre ord og berre å gle seg til det som skal skje vidare framover! Hugs også på at det ikkje berre er den yngre garde som har mykje å sjå fram til. På Barnas cupfredag får vi alle oppleve eige show med seminardeltakarane!

Sjå heile programmet for Barnas Supersommar!


Snart fullteikna!

Eit av mange høgdepunkt under Barnas Supersommar er nettopp Stordalscup og siste oppdatering derifrå viser at det er heile 91 lag påmeldt!  (sjå alle dei påmeldte laga her) Lag som enno ikkje har meldt seg på må gjere dette snarast, då det no er like før det er fullteikna!   


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove