Fotograf: Harry Tøsse
Nøgd ungdom etter rekruttskytinga, tysdag 1. april fotograf Harry Tøsse
Stordal Skyttarlag - logo
Stordal Skyttarlag - logo

Supert tilbod i regi av Stordal Skyttarlag!

Sidan nyttår, har Stordal Skyttarlag køyrd eit kjekt tilbod til ungdom frå 10 år og oppover. I går kveld var det siste runde med skyting for desse rekruttane, og sjølvsagt vanka det premiar til alle.   

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 02.04.2014

Harry Tøsse, i skyttarlaget, melder om mykje god skyting av alle også i går kveld. Den av jentene som vart aller best, var Emma Sætre Søvik, medan Oliver Jacobsen Dyrkorn vart aller best av gutane. Emma fekk også prisen for beste skytestilling i jenteklassa og Johannes Storheim fekk pris for beste skytestilling i guteklassa.

Det er liten tvil i at miniatyrskyting er verkeleg moro og ofte eit høgdepunkt for mange av dei som besøkjer Stordalshallen utanfrå. Også i desse samanhengane er det nettopp Stordal Skyttarlag som stiller på. Det er supert at Stordal Skyttarlag, med tilbodet dei har køyrd frå nyttår av, også har gjort det mulig for born og unge her, å få vere med på denne kjekke aktiviteten. 

Det høyrer med å nemne at også Liabygda Skyttarlag, med Jostein Myrvang i spissen, har køyrd liknande opplegg. Det er eit nært og godt samarbeid, både mellom desse to skyttarlaga og mellom dei og Stordalshallen. I tillegg til å ha faste øvingskveldar i Stordalshallen, også denne vinteren, stiller også dei på med instruktørar når vi har besøk utanfrå.  

Då er det berre å gratulere alle dei flinke skyttarane og så ser vi fram til mange fleire kjekke kveldar på skytebana, også til neste vinter. 


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove