Fotograf: Hallgeir Hove
Programgjengen mottek fleire omgongar med trampeklapp til slutt fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Poker-VM fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Karar meir enn klare for å kome med i hornmusikken fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Ej vil ikkje.. fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Paneldebatt med lokalpolitikarar fotograf Hallgeir Hove

Suveren Årsfest!


Då er den 16. Årsfesten vel i hamn og arrangørane frå grendene Hovslia og Røbbane har all grunn til å feire seg sjølve. Dette var rett og slett ein suveren fest, frå start til mål og med ein programdel av ypperste merke. Særs gledeleg var det også å registrere at Stordalshallen var full av folk, både på programmet og under dansen etterpå.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 01.03.2013

Sjølv om vi enno ikkje kjenner dei eksakte tala når det gjeld billettsalet på programmet og dansen, vert det meldt at det var nærare 400 personar til stades på programdelen og at det samla sett var ein stad mellom 700 og 750 personar med på festen. Dette er naturlegvis særs oppløftande tal og det er med på å stadfeste at Årsfest for Stordalshallen verkleg er populært. Ikkje minst også for arrangørane, er det kjekt med så god oppslutning. Det ligg nemleg ikkje reint få timar bak eit slikt arrangement og då er det sjølvsagt flott å registrere at folk flest ville få dette med seg.

Hovudkomitéen denne gongen bestod av: Eilif Falch, Kathrine Hjelle Busengdal, Frode Færøy, Frank Iversen og Claus Hoff. Elles var det ikkje vanskeleg å sjå at oppslutninga både i Hovslia og i Røbbane var god. Det var mange i sving, både i høve til opp- og nedrigging, billettering, vakthald, matservering og mykje anna. Og at dette fungerte kjempebra, er det ingen tvil om.

Innhaldsrikt og flott program

Både frå scena og på storskjermen fekk vi presentert det eine flotte revyinnslaget etter det andre. Arrangørane synte oss m.a. korleis valkampen artar seg når partitoppane i kommunen kjem saman til paneldebatt, vi fekk oppleve den pågåande striden knytt til val av gatenamn, vi fekk oppleve mellom andre Frank Sve og stordalsordføraren i poker-VM, og mykje, mykje meir. Arrangørane hadde også eige husorkester og også der imponerte dei. I tillegg til bilda i reportasjen her, viser vi også til ei rad med bilder frå Årsfest 2013, i Stordalshallen sitt bildegalleri.

No er det heldigvis også slik at det vert laga eigen DVD i etterkant av Årsfesten og det er det enno ein gong Ørskog Videoklubb som tek seg av. Dermed vert det også høve til å gjenoppleve det heile. Videoklubben var på plass med endå meir avansert utstyr enn tidlegare noko som resulterte i at dei som sat lengst unna scena også fekk oppleve det som skjedde der, på nært hald. 

Stadig meir avansert er det også i høve til det utstyret Stordalshallen rår over og det er grunn til å trekkje fram at Jarle Helgesen enno ein gong fekk vist kor godt han meistrar rolla som lydansvarleg. Arrangørane hadde også fått laga til fleire flotte innslag som vart synt fram på storskjermen. Sentral i dette arbeidet var Ole Christian Hove.

Mykje god mat

På menyen denne gongen stod det nydeleg svinesteik levert av Sjøholt Catering. For dei som ynskte det, var det mulig å forsyne seg både to og tre gongar og maten vart servert på greit vis i grendasalen. Etter det vi kjenner til løyvde arrangørane likevel ein god del, noko som kanskje også skuldast at enkelte valgte å ta ein snartur heimom mellom programmet og dansen. No vil denne maten heldigvis kome til nytte i samband med festen arrangørane skal lage til for å feire seg sjølve, men det hadde sjølvsagt vore ekstra kjekt om endå fleire hadde valgt å vere til stades også under middagen. 

Stor aktivitet på dansegolvet

Det var tydeleg at mange var meir enn klare for ein svingom på dansegolvet og når gruppa N.O.T entra scena, var det fullt av folk ute på parketten til ei kvar tid. Arrangørane sitt val av musikk, slo også godt an med andre ord.

Massiv marknadsføring

Lang tid i førevegen hadde arrangørane oppretta eiga side på facebook, der dei pirra nyskjerrigheita vår ved å legge ut både bilder og filmklipp. Ei vekes tid før festen, oppretta dei også ei hending på facebook og det tok ikkje lange stunda før det var 200 personar som meldte sin ankomst der. Før festen starta var det faktisk heile 250 personar som hadde registrert seg og mange av dei hadde heilt sikkert tipsa venner og kjente om det som skulle skje. Dette, i tillegg til fleire førehandsreportasjar på Stordalshallen og kommunen sine nettsider, samt bruk av Stordalshallen si facebookside, bidrog truleg til at det var få der ute, som ikkje hadde fått med seg bodskapen. Alt dette kom då i tillegg til annonser i lokalavisene og plakatar rundt om. Imponerande! Truleg ikkje noko ulempe å ha PR-mannen Frode Færøy med på laget.

Flott tradisjon

Årsfesten sist laurdag gjer oss ikkje mindre overtydd om at dette verkeleg er ein tradisjon det er vel verdt å hegne om. Det er ikkje få av dei som har flytta til Oslo eller andre stadar, som kjem heim nettopp til Årsfesten. Dei fleste av dei som var med på realiseringa av Stordalshallen, (for over 16 år sidan!) var sjølvsagt også å finne i idrettshallen. Vi snakkar altså om eit prosjekt der ein reknar med at det vart lagt ned nærare 30 000 dugnadstimar! Denne dugnadsånda har levd vidare også etter den tid, noko som ikkje gjer det mindre naturleg å feire!  

Hovslia/Røbbane er eit nytt bevis på at det er fullt mulig å få til eit suverent Årsfestarrangement og samstundes kose seg saman, både i forkant undervegs og i etterkant (dei skal kome saman og feire seg sjølve om kort tid). Nettopp denne sosiale dimensjonen knytta til eit slik omfattande prosjekt, må absolutt ikkje undervurderast.

Neste år er det Øvrebust sin tur og årets arrangørar presenterte fyljande hovudkomité: Oddrun Aunet Innselset, Hilde Rødset, Steffen Leganger, Hans Øyen, Magne Tøsse og Merete Midtbust.  

Utdeling av kulturstipend

Før sjølve Årsfesten, var det høgtidleg overrekkjing av Stordal kommune sitt kulturstipend til Mats Rune Larsen. Før Mats Rune vart kalla fram for å motta sin velfortente hyllest, vart det vist fram ein presentsjon av samtlege som har motteke dette stipendet frå 2002 og fram til i dag. Medan Mats Rune var på veg fram på scena, oppmoda ordførar Charles Tøsse alle til å fylje med på storskjermen. Der fekk vi glimt frå den flotte DVD´n som Storfjordgruppa har fått laga etter framføringa av We Will Rock You, ved Parken Kulturhus. (dette er elles ein DVD du bør sikre deg omgåande!) Det vanka sjølvsagt mange lovord frå ordføraren i samband med overrekkjinga og på vegne av heile kommunen uttrykte han eit sterkt ynskje om at Mats Rune ville finne vegen attende til Stordal, etter endt utdanning.

Mats Rune på si side nytta høve til å takke for tildelinga og gav tydeleg uttrykk for at han verdsette særs høgt å få tildelt Stordal kommune sitt kulturstipend. Han kom også inn på den gode støtta musikalprosjektet hadde fått frå både enkeltpersonar og frå Stordal kommune. Han kom også inn på at kommunen også elles er flink til å lytte til ungdomen, noko han ikkje minst fekk erfare, i tida som leiar i Stordal Ungdomsråd. I høve til musikalsuksessen trekte han særskilt fram John Helge Larsen, Jarle Helgesen og Bjørg Jacobsen. Han rosa også det fantastiske miljøet i ungdomsgruppa på tverss av kommunegrensene. Som kjent pågjekk øvingane og førebuingane elles i heile sju månader og tek ein med dei fire framføringane så strekte det heile seg over mest eit heilt år! Responsen frå publikum vart langt, langt større enn det nokon av dei kunne drøyme om. Les meir om suksessen i våre tidlegare reportasjar. Der finn ein også lenker til ytterlegare andre reportasjar. 

I tillegg til stipendet på kr 3.000,- fekk Mats Rune også overrekt innrama diplom og blomster, som synleg bevis på at han er ein av våre mange flotte unge, som har motteke denne utmerkinga.


Med dette er det berre å gratulere Hovslia/Røbbane med ein alldeles suveren Årsfest og takke samtlige som var med og bidrog til dette.

Hipp, hipp, hurra!!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove