Suveren jubileumskonsert!

Jubileumskonsert Stordal Hornmusikklag 12. november 2016 - saman med Francois Glorieux  - Klikk for stort bildeJubileumskonsert Stordal Hornmusikklag 12. november 2016 - saman med Francois Glorieux Eva Hove Stordal Hornmusikklag er 125 år i år og sist laurdag vart dette markert med ein fantastisk flott jubileumskonsert. Det store høgdepunktet var naturlegvis møtet med belgiske Francois Glorieux, men også kvelden sett under eitt - også elles - var verkeleg jubilanten verdig.  

 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 16.11.2016

Jubileumskonsert Stordal Hornmusikklag 12. november 2016 - historisk hending gjenskapt - Klikk for stort bildeJubileumskonsert Stordal Hornmusikklag 12. november 2016 - historisk hending gjenskapt Eva Hove Jubileumskonsert Stordal Hornmusikklag 12. november 2016 - aspirantar - Klikk for stort bildeJubileumskonsert Stordal Hornmusikklag 12. november 2016 - aspirantar Eva Hove Jubileumskonsert Stordal Hornmusikklag 12. november 2016 - medaljeutdeling - Klikk for stort bildeJubileumskonsert Stordal Hornmusikklag 12. november 2016 - medaljeutdeling Eva Hove Det heile opna med eit skodespel der publikum var tekne med attende til sjølve stiftinga av musikklaget, 2. januar 1891. Protokollen vart underteikna, medan dyktig konferansier for kvelden, Claus Hoff, fortalte om oppstarten.

På ein kveld som denne, høver det også å gjrere ekstra stas på nokre av dei som har vore med lengst i hornmusikken. Både Kari Dyrkorn og Magne Staurset kan no sjå attende på ikkje mindre enn 40 år som korpsmedlemmar, medan Bjørn Busengdal og Svein Harald Øvrebust har vore med endå lengre. Desse to mottok diplom for å ha vore med i heile 50 år! Vi gratulerer alle dei fire med umåteleg flott innsats for musikklivet i Stordal kommune.

Samstundes gler vi oss også over at det stadig kjem nye aspirantar til og sjølv om ein høyrer om skulekorps som slit med rekrutteringa mange stadar, er det grunn til å hevde at Stordal Skulekorps har lukkast bra også med rekrutteringsarbeidet sitt. Dermed kunne seks staselege aspirantar prensenterast også på laurdag.

Men det store høgdepunktet var sjølvsagt å få oppleve Francois Glorieux på scena. 84 år gamle Glorieux spelar fullstendig utan notar, i og med at han kan det meste av musikk utanatt. Improvisasjon er det som gjeld for han. At Glorieux har betydd mykje også for hornmusikken sin dirigent, Nick Ost, er også openbart. I tillegg til å vere ein stor inspirator, har han også skrive om lag 50 musikkstykker til den dugande dirigenten.  At Nick også kan meir enn å dirigere, fekk publikum nok eit bevis på denne kvelden. Det har vore sagt før, men vi gentek gjerne: Stordal er verkeleg priviligert, som gong etter gong får besøk av musikarar av verdsklasse og sjølvsagt er det først og fremst orkesterleiar Nick Ost, vi må takke for dette. Men det hadde sjølvsagt heller aldri funne stad, om det ikkje var fordi desse musikantane våre held eit slikt høgt nivå som dei faktisk gjer. Det høyrer også med å nemne at gode venner frå Vatne Hornmusikklag var med denne gongen og. I tillegg hadde Stordal Skulekorps også ei eiga flott avdeling. Jubileumskonserten starta kl 18.00 på laurdag og den var enno ikkje over når klokka passerte 21.00. Dette seier også ein heil del om kva som ligg bak i form av førebuingar og ein kan trygt slå fast at publikum verkeleg fekk valuta for pengane!

I tillegg til alle dei flotte musikalske opplevingane, fekk publikum også lytte til det denne fantastiske pianisten og komponisten hadde å fortelje. Mellom anna fortalte han om møta og samarbeidet han hadde hatt med Michael Jackson.

Eit flott kakebord høyrer alltid med når Stordal Hornmusikklag inviterer til konsert og festen på laurdag, var ikkje noko unntak.

Som ein del av avslutningsnummeret kunne arrangørane i tillegg by på eit eige imponerande dansenummer der medlemmar frå Stordal skulekorps framførte Michael Jackson sin "Smooth Criminals". Dette var også midt i blinken for unge Daniel Hovde, som glatt gjekk inn i rolla som sjølvaste Michael Jackson. Imponerande saker!

Vi har lånt dette filmopptaket frå ordføraren vår si facebookside og då også med fyljande kommentar til: "På kveldens jubileumsfest for Stordal Hornmusikklag fekk publikum ei flott overrasking på avslutningsnummeret. Då stilte medlemmer får Stordal skulekorps opp og dansa til Michael Jackson sin Smooth Criminals. Og i fremste rekke stod Michael Jackson sjølv; personifisert av Daniel Hovde! For ein dansar, for ein imitator, for eit talent! Sjå sjølv!"

Ordførar Eva Hove skriv vidare fyljande helsing til jubilanten på si facebookside:

"Gratulerer med 125 års jubileum! Og takk for nok ein fantastisk konsert!
Verdien av eit korps som Stordal Hornmusikklag er uråd å måle. Det finst ikkje det måleinstrumentet som kan femne om det spekteret av verdiar som eit korps representerer!
Utan Stordal Hornmusikklag ville Stordal hatt eit langt fattigare kulturliv, vi ville ha hatt langt færre musikkopplevingar - og langt færre gjestemusikarar av det formatet som konserten i kveld har gitt oss. Francois Glorieux var ei fascinerande oppleving!
Det er ikkje utan grunn at store opplevingar vert forbunde med hornmusikk. Vi har god grunn til å takke Stordal hornmusikklag for alle dei gode musikkopplevingane, alle konsertane og alle 17. mai'ane de har gitt oss!"

 

Ordføraren overrekte også blomar og pengegåve til leiaren for Stordal Hornmusikklag, Torill Brastad, under sjølve konserten. Pengegåve og helsingar vanka det også frå Sparebanken Møre og Stordal Helselag. I tillegg flott helsing også frå Norsk Musikkorpsforbund.

I vår førehandsreportasje finn du mykje meir om Stordal Hornmusikklag og mykje om alt det dei har gitt oss publikum oppgjennom åra. Du finn også lenke til eit lengre intervju med to skikkeleg veteranar i hornmusikken der.

Vi gratulerer Stordal Hornmusikklag med 125-årsjubileet og takkar samstundes for alt dette flotte musikklaget har utretta her i Stordal kommune i løpet av alle desse åra! Det er, som ordføraren seier, uråd å måle verdien av dette og det er rett og slett ikkje råd å sjå føre seg korleis det hadde vore utan nettopp Stordal Hornmusikklag.

 

 

 

 

 

 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove