Fotograf: Hallgeir Hove
Denne glade gjengen frå Blindheim IL, imponerte fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Brattvåg IL spela seg heilt fram til finalen, der det vart tap med knappast mulig margin fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Aksla sine jenter sikra seg tredjeplassen i KM, etter siger mot det andre laget Blindheim stilte med fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Stordalsjentene gjorde også sine saker veldig bra. Her saman med det eine laget til Spjelkavik IL fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Sykkylven IL gjekk til topps på laurdagen fotograf Hallgeir Hove

Suverent KM-arrangement!

Fotballgruppa i Stordal IL kan sjå attende på nok eit flott KM-arrangement, når J 13-lag frå heile Sunnmøre var på plass sist helg. Lat det heller ikkje vere noko som helst tvil om at det er mange dyktige fotballjenter på Sunnmøre!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 16.01.2015

Då er sluttspela i klasse J 13 unnagjort og det på mesterleg vis! Arrangørklubben Stordal IL fortjener mykje skryt, det same gjer dommarane som var i sving og også spelarar og lagleiarar.

Som vanleg gjekk kampavviklinga veldig greit føre seg, i grendasalen var det laga til kafe og sjølvsagt live-oppdatering på storskjermen der. I foajeen var det mange som innimellom også nytta høve til å få med seg både Tour de Ski og anna sport.

A-og B-sluttspel

På laurdag var det B-sluttspel, der Sykkylven IL gjekk til topps, med Ørsta IL og Ørskog IL på hhv 2. og 3. plass.

På søndag var det klart for A-sluttspel og om jentene på laurdagen hadde imponert, var nivået endå høgare på søndagen. Det var verkeleg glimrande fotball ute på parketten og til slutt var det kanskje ikkje så uventa at det vart eitt av dei to særs gode laga frå Blindeim IL, som gjekk til topps. J.f det vi hadde sett frå desse jentene i kvalifiserande runde før jul.  I og med at dei møtte det andre laget frå BIL i semifinalen, let det seg ikkje gjere med ein rein BIL-finale. I kampen om KM-tittelen stod Brattvåg IL på motsett side. Finalen enda med 2-1 og det var turneringa sin toppscorar, Sara Lande Klokk, som vart matchvinnar.


I bronsefinalen var det Aksla som trekte det lengste strået mot (nemnte) Blindheim, med siger 2-1.

Stordalsjentene imponerte

Også arrangørklubben sine jenter imponerte. Ikkje berre hadde dei kvalifisert seg til A-sluttspelet, i tillegg vart det siger over både Ørskog og Spjelkavik i si pulje. Uavgjort mot finalisten Brattvåg, let seg også høyre (leda til det stod att eitt minutt!!). Hadde arrangørklubben klart uavgjort mot Blindheim, der det vart tap 2-0, ville det vere dei som gjekk vidare til semifinale. Små marginar med andre ord og uansett sterkt av lille Stordal! 

Og ein ting til, til slutt: Vi er overtydd om at nivået på jentene i 13 årsklassa på Sunnmøre er særdeles høgt. Det var mykje imponerande bra spel i Stordalshallen denne helga!

Sjå gjerne også førehandsomtalen vår

Du kan få med deg alt av resultat under sluttspelet, målscorarar og anna spanande på Mylivescore.

Om du har lyst til å få med deg hundrevis av fleire bilder frå den kjekke sluttspel-helga i Stordalshallen, ja då må du innom Stordalshallen si facebookside.

Galleri frå laurdagen (B-sluttspel)

Galleri frå søndagen (A-sluttspel)

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove