Suverent, som vanleg!

UKM 2017 - Alle på scena - Klikk for stort bildeUKM 2017 - Alle på scena Hallgeir Hove

Det vart nok ei suveren lokalmønstring i Stordal, også dette året. Heile 30 deltakarar, nesten 300 på plass samla sett, super lyd, flott rigga scene og ikkje minst dyktige arrangørar, er kort oppsummert suksessfaktorane også denne gongen.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 28.02.2017

UKM 2017 - The Flippers stor for imponerande akrobatikk på teamtrack´n! - Klikk for stort bildeUKM 2017 - The Flippers stor for imponerande akrobatikk på teamtrack´n! Hallgeir Hove UKM 2017 - Ida Karoline med flott danseoppvisning - Klikk for stort bildeUKM 2017 - Ida Karoline med flott danseoppvisning Hallgeir Hove UKM 2017 - Laurent Mupenda (arkivfoto) hadde laga stilig film - Klikk for stort bildeUKM 2017 - Laurent Mupenda (arkivfoto) hadde laga stilig film UKM 2017 - Jury og programleiar - Klikk for stort bilde

Som tidlegare år var det elevane i 10. klasse, og deira føresette, som stod som arrangørar og med Bjørg Jacobsen og Hildegunn Ulvestad i spissen, fungerte dette knirkefritt på alle måtar. Også denne gongen var det eit samarbeid med arrangørane av Årsfesten, slik at mykje var klart også til arrangementet no på laurdag, etter rigginga sist fredag. Vinjehjellane stilte opp med mange, noko 10. klasse sette stor pris på.

Stordal imponerer stadig med si gode deltaking og også denne gongen er det grunn til å tru at vi ligg i toppen på landsbasis. Heile 30 deltakarar på hhv scene, kunst og film, er strålande! Av desse 30, var også Laurent Mupenda med film, samt akrobatane på teamtrack`n; Cato Falch og Remy N Johnsen, også med. Dermed vart det også god variasjon på innslaga, sjølv om scene og kunst var spesielt godt representert.

Dei dugande medlemmane i juryen, beståande av: Maria Holand Tøsse, Joakim Helgesen og Ola Stavseng, hadde ingen enkel jobb når dei skulle peike ut kven som skulle få tilbodet om å representere Stordal kommune under fylkesmønstringa. Vi kjem tilbake med eigen reportasje om dette med det aller første.

Ane Innselset Øien og Vetle Øvrebust leia oss gjennom kvelden på utmerka vis. Ein skulle nesten tru at dei ikkje hadde gjort anna, der dei to programleiarane stod på scena, trygge og blide.

Lasse Døving stod bak lyd og lys, og som vanleg fungerte også dette prikkfritt. Han hadde også god hjelp av Oliver frå 10. klasse, noko som igjen viser at alle dei unge - også elevane - er deltakarar når vi arrangerer lokalmønstring i Stordal. Med 19 elevar i klassa totalt, er talet på unge med her opp i heile 49 det!

Vi kan heller ikkje gløyme å nemne det flotte kakebordet publikum kunne meske seg med. Ja, faktisk er desse kakeborda så imponerande at dei i seg sjølv er grunn god nok til å få med seg lokalmønstringane!

Arrangørane hadde også litt av nokre premiar til deltakarane og dei takkar også lokalt næringsliv for all støtte, også utover desse flotte gåvene til deltakarane.

10. klasse har også lagt ned ein flott innsats, når det gjeld Stordalshallen sitt jubileumslotteri. Dette er naturlegvis også noko som gjer at det blir meir pengar i reisekassa deira, i tillegg til at det kjem inn gode pengar til innkjøp av utstyr til Stordalshallen deira. Elevar vil vere på plass både på Joker og Coop også førstkomande laurdag og sjølvsagt også i forkant av Årsfesten i Stordalshallen. Så er det trekning av premiar til over kr 30.000 til saman, på måndag den 27. februar.

Sjå gjerne også vår førehandsreportasje for meir. Der kan du også ta eit kjekt tilbakeblikk på tidlegare UKM arrangement.

Sjå også den flotte reportasjen på Sunnmørsposten si nettside

Sjå også nærare 70 bilder frå lokalmønstringa i eige galleri på Stordalshallen si facecbookside!

Storfjordnytt hadde også - og som vanleg - ein fin reportasje!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove