Sylteormen Bakeri er neste samarbeidspartnar på plass!

Logo - Sylteormen Bakeri - Klikk for stort bilde

Tidlegare denne hausten har vi hatt gleda av å presentere SalMar ASA, som ny samarbeidspartnar, og med det kunne vi også vise til at vi no har over 100 verksemder med på vinnarlaget vårt. Det er no ei stor glede for oss å kunne presentere nok ei ny lokal verksemd, nemleg Sylteormen Bakeri i Valldal.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 30.09.2016

Sylteormen Bakeri.jpg - Klikk for stort bildeSylteormen Bakeri.jpg Sylteormen Bakeri - Klikk for stort bildeSylteormen Bakeri Sylteormen Bakeri - Klikk for stort bildeSylteormen Bakeri Sylteormen Bakeri - Klikk for stort bildeSylteormen Bakeri

Torsdag den 30. juni vart ein merkedag for Hillevi Hovden og dei andre som står bak denne flotte verksemda. Då vart nemleg Sylteormen Bakeri offisielt opna og om det var ein stor dag for dei, var dette naturlegvis også stort for såvel Valldal som dei kringliggjande bygdene. Ja, sjølvsagt også for dei mange som besøkjer Valldal i løpet av året, anten dei no berre er på gjennomreise eller bur der over ein litt lengre periode. No kunne dei gle seg over at bakeri var på plass og med det, rykande ferske både bakevarer og anna, midt i Valldal sentrum.

Kva var vel meir naturleg når ein skulle bestemme seg for namn på det flotte bakeriet, enn nettopp å ta utgangspunkt i Sylteormen? Fyljande er henta frå heimesida deira:

"Omgitt av høge fjell og spektakulær natur ligg den vesle kommunen Norddal med mange små bygder som alle er unike på sin måte. Midt i Valldal sentrum har Sylteormen Bakeri funnet sine lokaler under fjellsida der Sylteormen blei kasta oppi fjellsida av Heilag-Olav i si ferd inn gjennom fjorden"

Vidare er det liten tvil om at ein ved Sylteormen Bakeri vil finne produkt som er framstilt med innleving og sjel. Høyr berre her:

"Med ei brennande interesse for baking, særskilt kaker, er det no ein draum som endeleg går i oppfyllelse.

Viktig er det med kortreist mat og lokale råvarer, men vel så viktig syns vi det er med eit skikkeleg handtverk og bakeglede når vi lagar produkta våre.

Hos oss kan du få alt frå brød og kaker, til et utval av gode lunsjmenyar."

Fyl Sylteormen Bakeri på facebook og få med deg dei rykande ferske nyheitene der!

For meir om Sylteormen Bakeri, viser vi til heimesida deira.

Vi ynskjer Sylteormen Bakeri velkomen med på vinnarlaget og føler oss overtydd om at dette kjem til å bli ein kjempesuksess!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove