Fotograf: Linda Falch
Heile gjengen samla fotograf Linda Falch
Fotograf: Linda Falch
Det vart tid til mykje trening fotograf Linda Falch
Fotograf: Linda Falch
Taekwon-Do er verkeleg kjekt å halde på med fotograf Linda Falch
Fotograf: Linda Falch
Stilige drakter! fotograf Linda Falch

Taekwon-Do i Stordalshallen

Laurdag den 27. april arrangerte ITF Valldal Taekwon-Do, seminar og gradering i Stordalshallen. Klubben har 26 medlemmar der 9 av dei kjem frå Stordal.  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 07.05.2013

Leiaren for klubben i Valldal, Fernando Perez Quinteros, hadde fått med seg Ray Nicolaisen frå ITF Tromsø Taekwon-Do, til samlinga. I tillegg til trening og seminar, stod nemleg også gradering på programmet og for å utføre eit slikt oppdrag krevst det at ein har fjerde grad i svart belte. Den langvegsfarande gjesten frå Tromsø var tydeleg imponert over den gode oppslutninga kring klubben i Valldal.

Det er kjekt å registrere at så mange, også frå Stordal, deltek. Vi har mange gode dømer på at vi får til å utnytte tilbod på tverss av kommunegrensene. Supert!

Liten tvil i at det vart ein innhaldsrik og spanande dag for dei mange som var med på samlinga og sjølvsagt stor stas å få bli graderte.

Sjå også eigen reportasje på Storfjordnytt si nettside

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove