TAFJORD utvidar!

TAFJORD har vore Stordalshallen sin samarbeidspartnar heilt sidan oppstarten for 15 år sidan og har dermed også hatt reklameskilt i idrettshallen like lenge. No har konsernet bestemt seg for å skifte ut skilta sine og aukar samstundes reklameskiltplassen til heile seks meter! 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 13.11.2012
TAFJORD - med energi for fremtiden
TAFJORD - med energi for fremtiden

Det er sjølvsagt særs kjekt for oss å registrere at TAFJORD ynskjer å verte ytterlegare synlege på denne måten. Både det at TAFJORD utvidar og at nye verksemder har erstatta dei som går ut, er med på å stadfeste det vi sidan sommaren 2009 har opplevd. Nemleg det at all ledig reklameplass i Stordalshallen er oppteken.

Det er faktisk slik at det verkeleg vert lagt merke til kven det er som er Stordalshallen sine samarbeidspartnar. Ser ein på alt det som skjer her og kor stort område som er vårt nedlagsfelt, kan vi med rette hevde at Stordalshallen er blitt EIN REGIONAL ARENA!

Ser vi attende på tida frå medio august og fram til no, har Stordalshallen hatt besøk frå grupper utanfrå kvar einaste helg og vårt inntrykk er at dei stortrivst her hjå oss. I tillegg kjem sjølvsagt alle dei flotte arrangementa og også i tida framover står slike i kø. På vår alltid oppdaterte heimeside og på facebook, finn de mykje meir om alt dette. 

I samband med at vi får nye samarbeidspartnarar på plass, brukar vi å lage ein reportasje der dei vert presentert. Når no TAFJORD vel å kome på plass med to skilt på heile 3 meter kvar i Stordalshallen, er det ikkje meir enn rett og rimeleg at vi får laga ei lita sak på dette.

Vår samarbeidspartnar TAFJORD har ei lang og innhaldsrik historie der Tafjord Kraftselskap vart etablert i 1917, då 13 kommunar på Sunnmøre og i Romsdal gjekk saman om å bygge ut Tafjord-vassdraget. Men dagens konsern kan faktisk føre si historie endå lengre tilbake, og då i høve stiftinga av Ålesund Elektrisitetsverk, så tidleg som i 1895.

TAFJORD har i nyare tid engasjert seg innanfor fleire andre område, noko som kjem fram på den flotte nettsida til konsernet. 

"I dag består konsernet TAFJORD av morselskapet Tafjord Kraft AS og de heleide datterselskapene Tafjord Kraftproduksjon AS, Tafjord Kraftnett AS, Tafjord Kraftvarme AS, Tafjord Marked AS og Tafjord Elektro AS."

Vidare kan vi lese fyljande:

"I forbindelse med utbygging av nettet, startet ÅSEV/Tafjord Kraft tidlig med fiberoptikk. Dette førte etter hvert til at man etablerte datterselskapet Tafjord Kraft Bredbånd, som i sin tur kjøpte opp bredbåndselskapet Mimer. Denne aktiviteten er nå innlemmet i datterselskapet Tafjord Kraftnett, som legger fiberoptisk kabel i alle konsesjonskommunene."

For meir om alt det TAFJORD står for og har å tilby, viser ein til nettsida til konsernet.

Vi takkar sjølvsagt TAFJORD for det gode samarbeidet vi har hatt i alle desse åra og set stor pris på at konsernet no også vel å auke reklameskiltplassen sin ytterlegare! 

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove