Temakveld med utgangspunkt i resultatet frå Ungdata-undersøkinga

Ungdata-undersøkinga 2017 - Klikk for stort bildeUngdata-undersøkinga 2017

I slutten av mars, deltok elevane på ungdomssteget i ei landsomfattande undersøking der målet var å finne ut korleis det er å vere tenåring, både i Stordal og i Noreg. No ligg resultata føre og på temakvelden - i Stordalshallen, onsdag 7. juni - vil m.a. desse bli presenterte av Rita Valkvæ frå Kompetansenter Rus Midt-Norge.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 01.06.2017

Hensikta med Ungdata-undersøkinga er å få meir kunnskap om korleis det er å vere tenåring i Stordal. Resultata skal verte brukte som grunnlag for ungdomspolitikken i åra som kjem, og til å vurdere satsingsområde i det førebyggjande ungdomsarbeidet. Målet er å skaffe til vegar informasjon som kan verte brukt til å betre oppvekstmiljøet i kommunen.

Datamaterialet vil seinare verte lagt inn i ein nasjonal database, saman med data frå tilsvarande ungdomsundersøkingar som er gjennomførte i andre kommunar. Data frå undersøkinga vil også kunne verte brukte i forskings- og utviklingsprosjekt der målet er å få ny kunnskap om oppvekstvilkåra til ungdom.

For mykje meir info om undersøkinga, viser vi til vår tidlegare reportasje

Innkalling til møtet/temakvelden, vert sendt ut til alle foreldre/føresette til elevane på ungdomssteget. I tillegg er det sjølvsagt også ope for andre, som ynskjer å få med seg det heile.

I tillegg til presentasjon av resultat, vil Valkvæ også presentere "Heldig er den ungdommen som har teite foreldre", på temakvelden. Det blir høve til litt drøftig mot slutten av møtet. Enkel servering blir det og.

Sjå eigen plakat, knytta til innkallinga (PDF, 253 kB)

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove