si_nei_til_narkotika__maleri_av_camilla_tafjord.jpg
si_nei_til_narkotika__maleri_av_camilla_tafjord.jpg
Fotograf: Foadesign
Gard Warholm fotograf Foadesign
Frode Tafjord
Frode Tafjord
Logo Stordal frivilligsentral
Logo Stordal frivilligsentral

Temakveld mot rus i Stordalshallen 15. mai

Torsdag 15. mai kl 18.00 vert det temakveld mot rus i Stordalshallen.

Det vert foredrag ved Frode Tafjord frå Camilla Tafjord stiftelse, og det vert innlegg av  tidlegare rusmisbrukar Gard Warholm, samt representant frå politiet.

Plakat temakveld mot rus (PDF, 110 kB)

Publisert av Randi Holmen Vestre. Ansvarlig Bjørg Jacobsen. Sist endret 08.08.2014

Camilla Tafjord vart berre 24 år gammal. I 2007 døydde ho av ei overdose. Etter mange års kamp mot stoffmisbruk måtte ho gje tapt for narkotikaen. No kjempar faren, Frode Tafjord, kampen vidare. Han reiser rundt og fortel om dottera, om hennar kamp og om tapet.
Torsdag 15. mai kjem han til Stordal og Stordalshallen for å fortelje si historie.

Gard Warholm, tidlegare rusmisbrukar, vil også vere tilstades denne kvelden, samt at politiet vil vere representert.

Frode Tafjord har sidan 2008 reist rundt med si historie og har oppretta stiftinga ”Camilla Tafjord”. Frode Tafjord vil med arbeidet sitt bevisstgjere ungdommar, engasjere foreldre – lag – foreningar og påverke politikarar. Målsettinga er at fleire liv skal reddast!

Målgruppa på denne temakvelden er foreldre/ føresette, ungdom, politikarar og andre interesserte.

På temakvelden vil det vere muligheit for å kjøpe t-skjorter til inntekt for stiftinga.
Det vil bli servert kaffi/ te og noko å bite i.

Elevane på ungdomstrinnet ved Stordal skule vil ha temadag onsdag 14. mai i skuletida. På denne måten vil heimane ha eit felles grunnlag og utgangspunkt for i neste omgang å kunne snakke om dette temaet og den utfordringa som rusmidlar er.

Her kan du lese meir om Camilla Tafjord stiftelse http://camillatafjordsstiftelse.wordpress.com/om/

Sjå også facebooksida ”En rose under snøen” https://www.facebook.com/EnRoseUnderSnoen?fref=ts

Gard Warholm har også eiga facebookside ”Aldri meir narkotika.” https://www.facebook.com/pages/Aldri-meir-narkotika/1399494036940816?fref=ts


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove