«Tideverv» og Teatret Vårt til Stordalshallen

Fotograf: Bjørg Jacobsen
Knut Ivar Bøe fotograf Bjørg Jacobsen

Tysdag 10. juni kl 17.30 kjem endeleg Teatret Vårt til Stordalshallen med forestillinga "Tideverv" (PDF, 115 kB) . I mai måtte dessverre forestillinga avlysast grunna sjukdom, men no kjem altså Teatret Vårt på besøk i neste veke. «Tideverv» er ei vandring i ord og tonar frå 1920-åra og fram til i dag. Denne forestillinga er som skapt for eldre (og yngre) heiter det frå tilbakemdlingane som Teatret Vårt har motteke. Det er gratis inngang!

Publisert av Randi Holmen Vestre. Ansvarlig Bjørg Jacobsen. Sist endret 02.06.2014

Knut Ivar Bøe frå Vaksvik har det musikalske ansvaret i forestillinga. Saman med skodespelarane Vivi Sunde og Lars Melsæter Rydjord vil dei ta oss med på ei reise gjennom song, musikk, dikt og historiar. Her vil dei reflektere over livets gang, kor fort tida går, kor langt – og kor kort livet er. Dei tek publikum med på ei reise frå 1920- og 1930- åra og fram til i dag, med størst vekt på tida før, under og etter krigen. Når vi ser tilbake på våre liv, er det som å hoppe frå stein til stein over ei elv. Personlege hendingar i familiane våre, men også hendingar ute i verda vil gje kvar stein i elva si eiga form og farge.

Forestillinga vert arrangert av Stordal frivilligsentral med støtte frå Stordal Helselag, Mental Helse Stordal og Eldrerådet.

Bebuarar ved Stordalstunet og heimebuande eldre har tilbod om transport til Stordalshallen. Om det er andre som har behov for skyss – ta kontakt med Stordal frivilligsentral på tlf 905 29164.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove